ID 1909 Grunnskulelærar - Leirvik skule
Leirvik skule har omlag 360 elevar og 50 tilsette. På Leirvik skule jobbar me for å skapa eit trygt, inkluderande og inspirerande skulemiljø, der alle viser omsorg, ansvar og respekt.
Elevane på Leirvik skule skal oppleva meistring og læringsglede, få utvikla evnene sine og få ei opplæring som er tilrettelagt eigne evner og føresetnader.
Det er ledig to 100% vikariat som lærar ut i perioden 01.01.23 -- 31.07.23.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Arbeidet er fortrinnsvis med dei yngste elevane
- Me ynskjer lærarar som er gode på å bygga relasjonar og er gode og tydelege klasseleiarar.
- Me ynskjer oss personar som er gode til å jobba sjølvstendig samstundes som ein er gode lagspelarar.
Kvalifikasjonskrav:
- Grunnskulelærarar/allmennlærar
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Spanande arbeidsoppgåver i eit utviklande fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og
- utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til rektor Bjarte Bongom
Om bedriften
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.