Styrar i Torpo barnehage frå 01.08.2020
Ingress
Vil du bli vår nye styrar? Spennande leiarstilling i Ål kommune
Me søker
Det er ledig 100 % fast stilling som styrar i Torpo barnehage frå 01.08.2020. Noko av stillinga kan vere knytt til arbeid på avdeling.
Torpo barnehage sin visjon er "Du og eg - saman om noko!". Me vektlegg tid til leik, høve til medvirkning og har fokus på prosjektbasert arbeid. Humør og glede er viktig i kvardagsmøtene mellom menneska i barnehagen. Me ynskjer at alle tilsette skal arbeide med hovud, hjarte og hender - vera deltakande og tydelege tilsette.
Torpo barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg fint til i Torpo sentrum. Barnehagen har eit stort og variert uteområde og har kort veg til skule, nærbutikk og fine, nære naturområder. Der har me eigen leirplass med gapahuk, skiløype, akebakke og skogsområder.
Betre læring er vår lokale oppvekstplan og er ein felles plan for alle einingane i oppvekstsektoren. Her er "tett og tidleg på" og "auka læringsutbytte" viktige mål. Hovudsatsinga er for tida "Livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø".
For meir informasjon om Torpo barnehage og barnehagetilbodet i Ål kommune, sjå www.aal.kommune.no
Styrar er fagleg og administrativ leiar for barnehagen og rapporterer direkte til kommunalsjef for oppvekst.
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå
- Gjerne vidareutdanning innan administrasjon eller styrarutdanning
- Leiarerfaring
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for drift av barnehagen
- Personal- og budsjettansvar
- Vidareutvikle barnehagen
- Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet
- Vere aktiv deltakar i styrarforumet i kommunen
- Sikre godt foreldresamarbeid
- Samarbeid med nærmiljøet
Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Det er ynskjeleg at styrar
- er framtidsretta og har evne til langsiktig planlegging
- er oppdatert innanfor barnehagefeltet
- er resultatorientert
- har erfaring med og evne til leiing i utviklingsarbeid
- er ein tydeleg og synleg leiar som har evne til å engasjere, motivere og inspirere til felles innsats
- har gode samarbeidsevner og kan skape gode relasjonar
- er fleksibel, har godt humør og trivst med ein travel kvardag med varierte oppgåver
- har evne og vilje til kommunikasjon og samarbeid med tilsette, foreldre og andre samarbeidspartnarar
- har god formidlingsevne muntleg og skriftleg
Me tilbyr
- ein variert og utfordrande jobb
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
- eit godt etablert tverrfagleg samarbeid
- eit godt samarbeid mellom barnehagane i kommunen
- leiarstøtte
- moglegheit for å ta styrarutdanning
- god pensjonsordning
- hjelp til å skaffe bustad
Lønsvilkår
Løn etter avtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Politiattest
Den som vert tilsett, må leggje fram politiattest. Den skal ikkje leggjast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn ved tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad. Klikk "Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i
tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa som du loggar deg på med.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar, dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Om bedriften
Ål kommune, midt mellom Oslo og Bergen, er den største av kommunane i Hallingdal med litt under 5 000 innbyggjarar og med Bergensbanen og RV 7 som hovudårer. I Ål finn du mellom anna Ål kulturhus med Landsdelscene for dans, og det lokalmedisinske senteret, Hallingdal sjukestugu. Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. I kåringa til UNICEF i 2019 om oppvekstvilkår for barn, er Ål rangert som ein av dei ti beste kommunane i landet.