Kollektivvakt
Stillingsannonsen er inaktiv.MOK - Informasjon og marknadsføring, Vestland fylkeskommune
Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli
Org. nr: 992055138 Stillingsident: 4195770138 Presentasjon av stillingen:
Skyss/Kringom har eit ledig vikariat som kollektivvakt fram til utgangen av 2020 i vår observasjons- og informasjonssentral for kollektivtrafikken i heile Vestland fylkeskommune. Observasjons- og informasjonssentralen er del av faggruppe Informasjon og marknadsføring i avdeling Kundeopplevingar, og skal sikre like god handtering og informasjon til alle reisande med buss, bane, ferje og båt i by og distrikt når det skjer uplanlagde hendingar.
Sentralen held til på Sandsli med opningstider frå kl. 6.30 til 20.00 på kvardagar og er bemanna av 5 medarbeidarar i ein vaktordning. No har du anledning til å søkje om å få vere ein av dei 5 medarbeidarane!
Arbeidsoppgåver
Som ein av dei 5 vil du arbeida i rolla som kollektivvakt, med ansvar som omfattar
-
Bemanne observasjons- og informasjonssentralen, herunder
- Observasjon av kollektivtrafikken
- Ved uplanlagde avvikhendingar sikra handtering saman med operatørar og gi informasjon til dei reisande
- Oppfølging av pågåande planlagde avvik, omleggingar og arrangementer
-
Vere forbetringsansvarleg for tildelt område (prosess, kollektivvakt, bybane, buss (by/distrikt), båt, ferje)
-
Handtera digitale kanalar (f.eks. e-post og facebook) i samarbeid med faggruppa Kundeservice
-
Bidra til utvikling av rolla og prosessar som ein del av eit heilskapleg arbeid i organisasjonen
-
Bidra i anna informasjons- og marknadsarbeid
-
Vere fleksibel og støtte organisasjonen i det behovet som til ei kvar tid skulle eksistera, for eksempel ved større arrangement og omleggingar
-
Bidra til realisering av samfunnsansvaret og visjonen vår -- og bruke verdiane våre aktivt
Det er ønskjeleg at du i di rolle som kollektivvakt også er del av ein vaktordning utanom arbeidstid. Dette vil vera ein separat ordning du vil få tilbod om med eigen kompensasjon.
Kvalifikasjonar
For medarbeidarar i observasjons- og informasjonssentralen er det ønskjeleg med følgjande kvalifikasjonar
- Kundeforståing og relevant erfaring, gjerne fra prosjektarbeid
- Relevant utdanning
- God kunnskap om kollektivtilbodet i Vestland
- God kjennskap til ruteområda, kontraktar og tilhøyrande operatørar for kollektivtilbodet i Vestland
- Gode ferdigheiter i bruk av relevante dataverktøy
Personlege eigenskapar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne - nynorsk er administrasjonsmålet
- God på å samarbeide, lytte og bygge tillitsfulle relasjonar, internt og eksternt
- Strukturert, god på heilskapleg planlegging og sjølvstendig jobbing/gjennomføring
- Kritisk åtferd i jobben
- Handlekraftig og løysingsorientert
- Gode stressmeistringsevner
- Ta ansvar og eigarskap
Vi tilbyr
Vi kan tilby utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar.
Andre opplysningar
Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Lars S. Skeide, Faggruppeleiar, 952 33 447, lars.severin.skeide@skyss.no
Arbeidsstad
Sandslihaugen 30
5254 Sandsli
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4195770138
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.03.2020
Sluttdato: 31.12.2020
Søknadsfrist: 26.02.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
MOK - Informasjon og marknadsføring, Vestland fylkeskommune
Adresse
Vestre Strømkaien 9, 5008 Bergen
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. mars 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 27. februar 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4195770138_MOK - Informasjon og marknadsføring, Vestland fylkeskommune_webcruiter
Stillingsnummer: 39d6f6f3-bf0e-4af6-bb55-9e97fde86f07