Sommarjobb i Harstad og Ramsund
Forsvarsbygg eigedomsforvaltning region Hålogaland søkjer sommararvikarar til ulike oppgåver knytt til drift.
Arbeidsoppgåver vil primært vere plenklipp, kantklipp, luking i bedd og andre liknande oppgåver. Vi søkjer også to som kan ta malearbeid. Vikariata er knytt til anlegga våre i Sør-Troms og Nordland. Tidsrommet vil vere i perioden frå skuleslutt (slutten av juni) og til skulestart (midten av august). Kan også bli aktuelt med ettermiddagar og helg etter skulestart ved behov.
I søknaden ber vi deg gjere greie for kva slags oppgåver du ønskjer å arbeide med, i tillegg til kva for periode du er interessert i å arbeide i og ønsket arbeidsstad.
Vi søkjer:
6 stk i Harstadområdet
4 stk i Ramsund
Disse vil bli satt opp i to puljer med hhv 3 og 2 i hver i Harstad og Ramsund.
Til Harstad treng vi dessuten en sommarvikar med oppstart allereie ca. 15. mai. Han/ho skal klargjøre materiell, foreta rydding, plante blomster, rake osv. før graset blir for langt. Når dei andre vikarane kjem i juni får han/ho rolla som teamleiar. Som teamleiar skal man blant anna kjøyre vikarane ut til forskjellige plassar kor dei skal klippe, syte for at det er bensin og forbruksmateriell til klippeutstyr, få dette levert til service/reparasjon om nødvendig, etc. Det er ønskeleg at teamleiaren jobbar heile sommaren, og det er nødvendig med sertifikat.
2 stk malere som vil få et lengre tidsrom.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgåver
- Klipping av plen
- Maling
- Luking i bedd
- Førefallande oppgåver
Kvalifikasjonar
- Må vere fylt 16 år
- Må kunne sikkerhetsklareras
- Noken må ha sertifikat kl B
Personlege eigenskapar
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Løn som unge arbeidstakarar (kode 1138), (237 040- 314 800 kr iht Statens lønsregulativ)
Kontaktinformasjon
Trond Balswick, Arenaleiar, (+47) 907 42 602
Arbeidssted
9403
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Forsvarsbygg
Referansenr.:4035483668
Søknadsfrist: 26.03.2019
Om bedriften
.