Psykolog / familieveileder
Stillingsannonsen er inaktiv.Alver kommune
Kvassnesvegen 27, 5914 Isdalstø
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Kort om stillinga
Alver barnevernsteneste søkjer psykolog/ familieveileder til Avdeling for Familieveiledning. Det er ledig ein fast stilling og eit årsvikariat med mogelegheit for forlenging.
Avdelinga har fem 100% stillingar og eigen avdelingsleiar. Det vil være mogeleg for psykolog i fast stilling å inngå avtale om spesialisering.
Om Alver barnevern
Alver barnevernsteneste er lokalisert i Knarvik/ Nordhordland.
Barnevernstenesta består av tenesteleiar, kontorfagleg avdeling, samt i alt fem avdelingar: mottak -- og undersøking, tiltak, familierettleiing, fosterheim og eige avdeling for einslege mindreårige. Tenesta har òg ei stilling som samarbeids -- og nettverkskontakt som i hovudsak arbeider med ekstern opplæring og samarbeid med andre instansar. Tenesta som heile består av i overkant 50 tilsette.
Barnevernstenesta er særleg oppteken av medverknad frå born, og kunnskap frå born og foreldre. Tenesta er vidare særleg oppteken av å driva eit godt forsvarleg barnevern på alle område, samt ha høg kvalitet på utføring av arbeidet. Det er eit mål for barnevernstenesta å få eit meir ope barnevern, der me er synlege og meir tilgjengelege for born, foreldre, og tilsette i barnehage, skule og førebyggjande helse.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene i stillingane er hovudsakelegknytt til rettleiing av foreldre og born/ungdom som har behov for oppfølging av barneverntenesta der endring av omsorgssituasjonen er målet. Ein rettleier og fosterforeldre, føl opp foreldre som har barn under omsorg hjå barnevernet, og rettleier stundom foreldre som har ungdom med åtferd som krev barneverntiltak.
Då avdelinga utgjer ein del av barneverntenesta som eit heile, er der og andre oppgåver t.d. knytt til observasjonar av samspel, vurdering av born sine omsorgsbehov og foreldre sine omsorgsferdigheiter.
Kvalifikasjonskrav:
- Psykolog med norsk autorisasjon
- Sosialfaglig utdanning som barnevernspedagog/sosionom med relevant videreutdanning
Erfaring og sertifisering innan relevante kunnskapsbaserte intervensjonar er ei føremon.
Andre kvalifikasjonar:
- Søkjar må ha gode relasjonelle evner
- Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, men og ha gode samarbeidsevner
- Søkjar må ha god arbeidskapasitet.
- Søkjar må vere løysningsfokusert -- og halde seg fagleg oppdatert.
- Søkjar må vera fleksibel og kunna tilpassa seg ulike menneske og miljø
- God skriftleg -- og munnleg framstillingsevne er eit krav.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale tariffavtale basert på erfaring og kompetanse
- God pensjonsordning
Vilkår
Du må ha førarkort kl B og disponere eigen bil.
Det er krav om godkjend polititattest etter barnevernlova ved tiltrede.
Slik søkjer du:
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Sissel Mary Frotold, Tlf: +47 56375433, Mobil +47 40807724, Epost: sissel.mary.frotjold@alver.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Alver kommune
Adresse
Kvassnesvegen 52, 5914 Isdalstø
Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.
For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. august 2020
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 5. juni 2020
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2515353dep189241_Alver kommune_stepstone
Stillingsnummer: 39b67362-bf85-40a4-9561-0e46c68a47b4