Sjukepleiar somatisk avdeling
Stillingsannonsen er inaktiv.Vindafjord kommune
Ølen Omsorgssenter
Me søkjer:
Sjukepleiar fast stilling i 68,31% ved somatisk avdeling, Ølen omsorgssenter.
Stillinga er ledig frå snarast, det kan bli mogelig med stillingsauke.
Tiltreding etter avtale.
Hovudarbeidsoppgåver
Hos oss får du ein spennande arbeidskvardag med mange forskjellige utfordringar og moglegheiter.
Du vil møta ulike utfordringar, både akutt situasjonar og kroniske lidingar som krev langsiktig handsaming.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiar og dokumentert gode norskkunnskap både munnleg og skriftleg.
Andre opplysningar
Arbeidsstad Ølen omsorgssenter, hos oss har me brukarane i fokus og du får vera med å utvikla tenestene ved din arbeidsplass på ein framtidsretta måte med fokus på at våre bebuarar skal leva heile livet.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege eigenskapar
Du må vera fagleg dyktig, lika utfordringar, trivast i eit aktivt miljø, vera løysingsorientert, ha gode samarbeidsevne og godt humør.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Søknad sendes
Vindafjord kommune tek berre mot elektroniske søknadar. Du kan laste opp vitnemål og attestar som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søkje.
Du kan komme med på offentleg søkjarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune
Adresse
Rådhusplassen 30, 5580 Ølen
Ølen omsorgssenter er plassert i Ølen. Omsorgssenteret har ansvar for drift av produksjonskjøkken, dagsenter, somatisk langtidsavdeling, korttid/rehabiliteringsavdeling, inkludert palliativ seng med totalt 30 institusjonsplasser. Heimetenesta for heile kommunen delt på indre og ytre sone, indre sone har kontor ved Ølen omsorgssenter og ytresone har kontor ved Vindafjordtunet. Kvar avdeling/ sone vert administrert av kvar sin avdelingssjukepleiar. Sonene har teamsjukepleiar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Fysio/ergo har og sine kontor/treningssenter på omsorgssenteret. Me som jobbe på Ølen omsorgssenter har fokus på kvalitet på våre tenester og at våre bebuarar/brukarar skal ha brukarmedverknad og leva heile livet.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 11. august 2021
Hentet fra: Vindafjord kommune
Referanse: visma.vindafjord.kommune.no/recruitment/opening?0?917
Stillingsnummer: 39b3a692-47b2-4e69-ae53-965d251cb857