Ferievikarar
Vil du bruka sommaren til å skaffe deg verdfull praksis? Kan ein sommarjobb i Tysnes kommune vere noko for deg? Me treng ferievikarar for sjukepleiarar, vernepleiarar, fagarbeidarar, assistentar med fleire, innan pleie og omsorg.
Me kan tilby ein spanande og gjevande sommarjobb med menneske i alle aldersgrupper og med ulike hjelpebehov innanfor fylgjande område: heimesjukepleie, heimehjelpstenesta, Tysnes omsorgssenter, innan pleie, reinhald og kjøkken, og i bufellesskap for utviklingshemma (vaksne brukarar).
Tilsetjing blir gjort fortløpande, så me oppmodar deg om å søkja snarast. Du må vere fylt 18 år, og kunne arbeide minst 4-6 samanhengande veker, i perioden veke 25 - 32, fortrinnsvis vekene 27 - 30.
Som ferievikar hos oss, styrkjer du også dine moglegheiter til å jobbe som vikar elles i året, og me ber om at du seier noko om interessa di for dette i søknaden. Attestar og vitnemål kan leggast ved søknad eller leggast fram på intervju.
Arbeidsoppgåver
Ferievikarar utfører arbeidsoppgåver innan dei ulike områda, i samsvar med kompetanse og erfaring. Det vil bli gitt naudsynt introduksjon og opplæring i verksemda.
- Yte helse- og omsorgstenester
- Ivareta brukarane sine fysiske, psykiske og sosiale behov etter individuelle planar
- Dokumentasjon i fagsystem
- Turnusarbeid med arbeid på helg, helst kvar 2.helg
Me har behov for ferievikarar som kan tenke seg å arbeide både dag, kveld og natt.
Kvalifikasjonar
Me søkjer etter ferievikarar med ulik utdanningsnivå og kompetanse:
- Sjukepleiar/vernepleiar
- Helsefagarbeidar / hjelpepleiar / omsorgsarbeidar
- Assistentar
- Kjøkkenpersonale
- Ufaglærte
Felles for stillingane er at det er ynskjeleg med erfaring frå brukargruppa og at ein har gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg. Innan heimetenesta er det krav om sertifikat kl. B. Dersom du får tilbod om stillinga og takkar ja er det krav om politiattest jf Helse og omsorgstenestelova § 5-4.
Personlege eigenskapar
- Engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeide med menneske
- Har evne til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å ta ansvar, jobbe sjølvstendig i kombinasjon med å vere ein lagspelar
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Faglege og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Moglegheit til å auke eigen kompetanse innan ulike fagområder
- Opplæring tilpassa den aktuelle avdeling du skal arbeide på
- Eit triveleg og tverrfaglig arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande hovudtariffavtale
- Stillingsstorleik vil variere, men me vil forsøke å gje ferievikarar så stor stilling som mogleg opp mot 100 %
Kontaktinformasjon
Helga Nilsen Boland, Einingsleiar Tysnes omsorgssenter, 951 76 846, helga.n.boland@tysnes.kommune.noMargrete Klemmetsby, Einingsleiar open omsorg, 95709513
Arbeidssted
Uggdalsvegen 3015685 Uggdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Tysnes kommuneReferansenr.: 4608405720
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 16.04.2023
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.