Sommarvikar pleie og omsorg (studentar helsefag og assistentar)
Me har ledig:
Sommarjobbar til desse avdelingane:
- sjukeheimen
- heimesjukepleien
Sommarvikariatet vil starte i veke 26 til og med veke 33 i 2019. På begge avdelingane er det langvakter på helg, med 12,5 timars vakter. Stillingane krev gyldig politiattest.
Me kan tilby godt arbeidsmiljø, god opplæring og mulegheit for e-læringskurs før oppstart.
Skriv gjerne i søknaden kva tid du har høve til å arbeide i sommar.
Kvalifikasjonskrav til søkjar:
- autorisasjon som sjukepleiar, hjelpepleiar eller fagbrev som helsefagarbeider - studentar i desse studieretningane er velkomne til å søkja
- assistentar utan spesielle kvalifikasjonar, men gjerne erfaring frå liknande arbeid
- førarkort kl B for heimesjukepleietenesta
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Send søknaden via
Lærdal kommune si heimeside: www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar".
Søknadsfrist 05.05.2019 Utlyst dato 16.04.2019 Vårref 662
Kontaktperson
Brita Einemo, mobil: 47486638, brita.einemo@laerdal.kommune.no
Om bedriften
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. Vi er eit aktivt og framtidsretta samfunn.
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.