Rådgjevar/seniorrådgjevar etnolog
Fylkeskommunen er ein aktiv og sentral aktør i norsk kulturliv. Vi er no inne i store endringar gjennom fylkessamanslåinga med Hordaland, og overtaking av kulturoppgåver frå staten. I tillegg har vi også vedteke ny regional plan for kultur som skal setjast i verk frå 2019. Vi har no ledig heil fast stilling i nærings- og kulturavdelinga, kulturseksjonen.
Oppgåvene som er knytt til stillinga vil vere:
Saker som gjeld nyare tids kulturminne og kulturlandskap slik som t.d.
- Råd/rettleiing om kulturminneforvaltning til kommunar, organisasjonar og private.
- Sakshandsaming (arealsaker og byggesaker) etter PBL.
- Arbeid med regionalt viktige kulturminne og kulturmiljø.
- Utgreiings-, prosjekt- og utviklingsarbeid.
- Saker til politisk handsaming.
- Tilskotsforvaltning.
Vi krev:
- Mastergrad i etnologi, kulturhistorie, kulturminneforvaltning, e.l.
- Erfaring frå arbeid med kulturminneforvaltning i offentleg, privat eller frivillig sektor.
Vi vektlegg:
- God kjennskap til/erfaring frå bygningsvern og kulturlandskapsanalyse.
- Innsikt i/kjennskap til klima- og miljøutfordringar knytt til bygningsvern.
Vi treng:
- Ein kunnskapsrik og reflektert medarbeidar som er samarbeids- og løysingsorientert.
- Du bidrar til tillit og aksept, er kreativ og utviklingsorientert, sjølvstendig og har gode forhandlingsevner.
- Du er serviceinnstilt, kan kommunisere godt både internt og eksternt, og uttrykkjer deg godt både skriftleg og munnleg.
Vi kan tilby:
- spanande arbeidsoppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
- løn etter avtale
- gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- fleksibel arbeidstid
- arbeidsstad i moderne lokale i Førde
Stillinga inneber ein del reiseverksemd, og det krav om at den som vert tilsett har førarkort.
Administrasjonsmålet til fylkeskommunen er nynorsk.
På heimesida vår: http://www.sfj.no finn du meir informasjon om fylkeskommunen.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema.
Opplysningar om søkarane kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bedt om å vere unnateke søkarlista. Søkar vil blir orientert om dette på førehand. Kopi av vitnemål og attestar tek du med deg til eit ev. intervju.
Om bedriften
Sogn og Fjordane fylkeskommune kan tilby eit stort spekter av stillingar knytt til både tenesteyting og utviklingsoppgåver. Vi har ansvar for vidaregåande opplæring, kulturtiltak, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesveg, næringsutvikling og regional planlegging. Vi har 1400 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på 3 mrd. kroner.