Vernepleiar/sjukepleiar 100% fast
Er du vernepleiar eller sjukepleiar? Etne kommune, eining helse, har ledig fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar i miljøarbeidstenesta. Tenesta yt tenester til innbyggarar med særskildte behov som t.d. utviklingshemming, autisme, psykiatri mm. Tenesta er lokalisert i eit forholdsvis nytt bygg med 4 bustader og ein avlastningsbustad knytt til personalbase. Det er lagt vekt på kompetansebygging gjennom fleire år, og ein har i dag ca 5,5 årsverk vernepleiarkompetanse, 1 årsverk med pedagogisk høgskulekompetanse og ca 16 årsverk fagarbeiderkompetanse. Me har fokus på å ha eit godt arbeidsmiljø, god kvalitet på tenestene og fagleg og personleg utvikling.
Arbeidsoppgåver
Variert arbeid med stor vekt på samhandling med brukerar
Vere med å byggje opp rutinar og tiltak for den einskilde
Jobbe aktivt i eit utfordrende og spennande fagmiljø
Samarbeid med pårørende
Dokumentasjon
Veiledning
Ha medansvar for et godt arbeidsmiljø
kompetanse:
Vernepleiar/sjukepleiar
Gode norskkunskaper både munnleg og skriftleg
Tidlegare erfaring frå miljøarbeid vil bli føretrukke
Personlege eigenskapar
Me leitar etter deg som er positiv til brukar og arbeidsplass, som og har eit positivt syn på livet og godt humør
Har god fagleg innsikt og tryggleik
Er beslutningsdyktig og sjølvstendig
Har gode evner til samarbeid, koordinering, delegering og kommunikasjon
Tør å ta ein utfordring
Er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
Personlege eigenskaper vert sterkt vektlagt ved tilsetjing
Annan informasjon
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservara seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om bedriften
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Administrasjonen er organisert etter tonivåmodellen, med 10 resultateiningar i tillegg til stabs-, støtte- og rådgjevarfunksjonar. Kommunen har ca 270 årsverk/440 tilsette. Tenestemålet er nynorsk.