Undervisning: Mekaniske fag
Org. nr: 974557304 Stillingsident: 4216124527 Presentasjon av stillingen:
Rubbestadnes vidaregåande skule har i dag tilbod til 180 elevar. Skulen er lokalisert på Rubbestadneset på Bømlo. Me har et godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for personleg utvikling og individuell tilpassing for våre tilsette.
Ved Rubbestadnes vidaregåande skule har me 1 heil undervisningsstilling ledig innan mekaniske frå 1. august 2020.
Arbeidsoppgåver
Undervisning innan programområde teknikk og industriell produksjon
Kvalifikasjonar
- Me søkjer deg som har ingeniørutdanning eller teknisk fagskule innan fagområdet.
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr.
Opplæringslova. - Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Trygg og tydeleg klasseleiar med positivt elevsyn og evne til å skapa gode relasjonar
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Kunne arbeide sjølvstendig og nøyaktig
- Evne til å samarbeida, vera løysingsorientert og ha gode kommunikasjonsevner
- Utviklingsorientert
- Vera ein engasjert tilsett som arbeidar for heilskapen på skulen
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Gode forsikring- og pensjonsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk
Andre opplysningar
- Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Rune Gåsland, rektor , 90808053
Arbeidsstad
Rolvsnesvegen 36
5420 Rubbestadneset
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4216124527
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 20.04.2020