Einingsleiar ved Kjøkkentenesta
Ny spennande stilling i Sunnfjord kommune - 2. gongs utlysing
100 % fast stilling som einingsleiar ledig frå snarast.
Vil du vere med å utvikle Kjøkkentenesta i Sunnfjord kommune? Vi har ledig ei spennande stilling som einingsleiar for Kjøkkentenesta. Du vil få ansvar for kulturbygging og samhandling mellom fire institusjonskjøkken som er lokalisert ved Førde-, Sande-, Naustdal- og Skei omsorgssenter. Dei fire institusjonskjøkkena skal framstå som ei eining.
Organisatoriske endringar må påreknast dersom det er til det beste for brukarane og drift av tenesta.
Kvalifikasjonar for stillinga:Du må ha:
- utdanning som institusjonskokk, eller anna relevant utdanning
- relevant leiarerfaring
- erfaring frå fagfeltet
- god IKT-kompetanse
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Ønskeleg med:
- erfaring innan personal- og økonomiarbeid
- vidareutdanning innan administrasjon og leiing
- er utviklingsorientert, initiativrik og handlekraftig
- er engasjert og har evne til å motivere
- har gode samarbeidsevner og kan jobbe tverrfagleg
- har gjennomføringsevne
- har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø
- er lagspelar med fagleg autoritet innanfor ansvarsområdet
Løn etter avtale.
Velkomen som søkar!Søknad sendast via annonselenken
Søknadsfrist: 07.04.2019
Om bedriften
Om Sunnfjord kommune
1. januar 2020 slår kommunane Gaular, Naustdal, Førde og Jølster seg saman og dannar Sunnfjord kommune.