Rådgjevar skule
Org. nr: - Stillingsident: 4235010222 Presentasjon av stillingen:
Me ser etter ny rådgjevar for skuleområdet som vil bli del av teamet vårt i Oppvekst. Dette er ein utfordrande jobb med gode utviklingsmoglegheiter i eit godt arbeidsmiljø. Du vil bli del av dyktig kollegium i oppvekst, og del av spanande samarbeid i Jærskulen. Området blir overordna leia av Kommunalsjef for oppvekst, og er delt inn i tre fagområde: skule, barnehage og barn og unge. Du vil ta del i utvikling og drift på skuleområdet, tverrfagleg arbeid, og rapporterer til skulesjefen.
Time kommune har om lag 2500 elevar i grunnskulen. Me jobbar tett saman med, følgjer opp, og gjev støtte til våre ni skular. Me har seks barneskular og tre ungdomsskular. Det er også under utbygging ein ny ungdomsskule, Vardheia ungdomsskule, sentralt i Bryne. Dette er eit interkommunalt samarbeidsprosjekt med Klepp kommune for elevar frå begge kommunane, og startar opp i august 2021.
Me er utviklingsorientert og opptekne av kvalitet. Me er del av eit forpliktande samarbeid om skuleutvikling saman med kommunane Gjesdal, Klepp og Hå i Jærskulen. I dette er det eit tett samarbeid mellom dei skulefaglege rådgjevarane som har fokus på utviklingsarbeid og oppfølging av skulane som er del av nettverk på tvers av dei fire kommunane
Du er ein trygg, tydeleg og motiverande person som kjenner fagområdet godt. Du er systematisk og nytenkjande innanfor fagområdet. Du likar å arbeida med utviklingsprosjekt, leia nettverk, leggja til rette for kursverksemd og sakshandsaming.
Arbeidsoppgåver
Rådgjeving knytta mot skuleområdet, spesielt til ungdomstrinnet
Kvalitetsutvikling i skule
Kompetanseutvikling og rapportering
Myndighetsoppgaver i hht. Lovverk
Utviklings -- og planarbeid
Utredningsarbeid og saksbehandling knytta til politiske utval, tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
Høgare pedagogisk utdanning innanfor skule
Relevant leiarerfaring
Kunnskap om offentleg forvaltning og aktuell lovgivning
Digital kunnskap og kompetanse
Personlege eigenskapar
Evne til strategisk tenking, analyse og utredning
Evne til å kunne arbeida sjølvstendig
God skriftleg og munnleg formuleringsevne
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
Fleksibel
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Fleksibel arbeidstid.
Konkurransedyktig lønn
Gode pensjonsordningar gjennom KLP
Det blir kravd politiattest for tilsetting i stillinga.
Kontaktinformasjon
Pamela Sudmann, Skulesjef, 93830972
Arbeidssted
Arne Garborgs veg 30
4340 Bryne
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Time Kommune
Referansenr.:4235010222
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 14.06.2020
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har ca 18.500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkja hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.