Faste overlegestillingar, Augeavdelinga
Org. nr: - Stillingsident: 4290018974 Presentasjon av stillingen:
Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytt til Universitetet i Bergen, og forsking og utviklingarbeid står sentralt i vår verksemd. Avdelinga har stor breidde i si verksemd og vi greier ut og behandlar alle kategoriar augelidingar. Avdelinga har sengepost i Klinikk for Hovud/ Hals, dagkirurgisk og poliklinisk eining og operasjonsavdeling. Sengeposten har 6 døgnplassar. Her er både elektive innleggingar og ØH innleggingar.
Det er ledig to faste overlegestillingar ved avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Stillingane vil vere øyremerka handtering av glaukompasientar, behandling av ulike netthinnelidingar samt augelokkskirurgi
- Den som blir tilsett vil gå inn bakvaktsjikte som for tida er 14-delt
- Det vil vere ein kombinasjon av arbeid med inneliggende og polikliniske pasientar
- Vedkomande må ta del i undervising av legestudentar og anna helsepersonell
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- For å bli vurdert med omsyn til stillingane, vil kompetanse innan dei nemde fagfelta vere avgjerande
Personlege eigenskapar
- Vi vil leggje vekt på personlege eigenskapar som det å vere ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner, og evner til å arbeide systematisk og effektivt
- Vere ein god teamarbeidar
- Bidra aktivt til det gode arbeidsmiljøet
- Erfaring og interesse for forsking
Vi tilbyr
- Teneste i ei høgspesialisert augeavdeling med gode moglegheiter til brei kompetansebygging
- Rettleiing etter gjeldande avtalar samt eit særs godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode kollegaer!
Kontaktinformasjon
Frank Tore Jenssen, Avdelingsoverlege, 55974154, frank.jenssen@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4290018974
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 05.10.2020
Søknadsfrist: 02.10.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.