Operatør sjuketransportbil
Stillingsannonsen er inaktiv.Pasientreiser, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Seksjon for pasientreiser har ledig ei 100 %, eller 2 x 50% midlertidig stilling frå snarast og ut 2022 som operatør på Sjuketransportbil i Kristiansund.
Klinikk for prehospitale tjenester Helse Møre og Romsdal HF har ansvar for bil- og båtambulanse, luftambulanse, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113) og pasientreiser.
Seksjon for pasientreiser har ansvar for å legge til rette for pasienttransporten i Møre og Romsdal.
Helseforetaket gjennomfører prøvedrift med sjuketransportbilar, som er ei transporteining for "lette" ambulanseoppdrag, der det skal transporterast pasientar som ikkje har behov for overvaking eller behandling under transport.
Arbeidet er primært dagarbeid kvardagar (10-18)
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Arbeidsoppgåver
- Trygg og sikker transport av pasientar som ikkje har behov for tilsyn, medisinsk overvaking eller behandling under transport.
- Forflytting av pasient mellom seng og båre
- Fagleg, god og omsorgsfull helsehjelp
- Dagleg stell og vedlikehald av køyretøy og utstyr
Kvalifikasjonar
- Du har førerkort klasse B (og C1)
- Du tilfredsstiller medisinske krav til førerkort klasse D
- Du er fysisk skikka til å aleine kunne håndtere båre med liggande pasient
- Relevant kompetanse og erfaring for tenesta vil bli vurdert og sett i samanheng med anna kompetanse i prosjektet
- Helsefag, YSK for persontransport, el.l. kan være relevant kompetanse for stillinga
Personlege eigenskapar
- Du er påliteleg, sjølvstendig, presis, og har ei utprega serviceinstilling
- Du opplever kvardagen med transport og forflytning av pasientar interessant og givande
- Du har eit ønske om å bidra til videreutvikling av tenesta sitt gode arbeidsmiljø
- Du har personleg eignaheit i høve arbeidsoppgåver og krav
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vitnemål, attestar/tenestebevis, fagbrev må scannast og lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
Kontaktinformasjon
Jacob Devold, Seksjonsleiar, 70 16 77 22, Jacob.Devold@helse-mr.noArbeidsstad
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4504349995
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.12.2022
Søknadsfrist: 30.06.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Pasientreiser, Helse Møre og Romsdal HF
Adresse
Sjømannsvegen 14, 6008 Ålesund
Hjemmeside
helse-mr.no
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Om stillingen
Stillingstittel
Operatør Sjuketransportbil
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 1. juli 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: e82dacb941a14d04a8b056404d7c917a
Stillingsnummer: 39056b5f-2bb3-48c0-8e1a-1822690c7b1d