Ungdomslos 100% engasjementstilling - Eining Barn og familie
Omtale av stillinga
Eining barn og familie, avdeling Tiltak og ressursar, har ei ledig engasjementstilling som Ungdomslos for perioden 01.08.2020-31.12.2021.
Kvinnherad kommune har to ungdomslos-stillingar som er ein del av familieteamet i avdeling Tiltak og ressursar. Ungdomslosane er ein viktig del av kommunen sin førebyggande innsats og lågterskeltilbod knytt til å fremja fysisk, psykisk og sosial utvikling hos barn og unge.
Ei viktig målsetting for ungdomslosane er å førebygge utanforskap. Arbeidet har vore retta mot barn/unge
som står i fare for å falle ut av skule og arbeidsaktivitet.
Stilling som "Ungdomslos" vart oppretta som ei prosjektstilling i 2016 med tilskotsmidlar frå Justis- og
beredskapsdepartementet (JD). Ei prosjektstilling har vorte fast, medan kommunen fekk nye midlar for å auke opp arbeidet. Ein stilling er difor prosjektbasert frem til 31. desember 2021. Hovudmålet for ungdomslosane er å fange opp barn og ungdom i risikosona i ein tidleg fase.
Stillinga er ledig for snarleg tilsetting.
Arbeidsoppgåver
- Tett samarbeid med barnet/ungdommen og familien.
- Samtalar med barn/unge med mål om å fungere som ungdommen sin rettleiar og støttespelar.
- Foreldrerettleiing. Dersom det er hensiktsmessig, kan rettleiinga føregå i barnet/ungdommen sin heim.
- Miljøarbeid og oppsøkande verksemd i heim og skule knytt til den einskilde ungdom.
- Arbeide for å auke trivsel og meistring.
- Koordinering av tverrfagleg samhandling rundt einskild ungdom knytt til heim, skule/jobb og fritid.
- Rettleiing til skule og bistand til skulane ved utprøving av konkrete tiltak i skulen, i tett samarbeid med skule og PPT.
- Gruppetilbod for barn og unge eller foreldre.
- Arbeide for god integrering i samfunnet
Kvalifikasjonar
Vi søkjer medarbeidar med 3 årig sosialfagleg/pedagogisk høgskuleutdanning. Det er ønskjeleg med relevant vidareutdanning innanfor fagområda familieterapi, rettleiingsmetodikk, spesialpedagogikk eller psykisk helsearbeid for
barn og unge.
Personlege eigenskaper
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på;
- personlege eigenskapar
- god samarbeidsevne, god kommunikasjon og relasjonsbyggjar
- relevant praksiserfaring
- at ein er eigna for og har erfaring med arbeid med barn, ungdom og deira familiar
- evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert.
- kjennskap til og kompetanse på relevante verktøy for rettleiing av foreldre, skular og barnehagar.
- gode norskkunnskapar og god kommunikasjonsevne
- ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- erfaring med, og evne til tverrfagleg samarbeid.
- evne til fleksibilitet og endringsvilje
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Ein må pårekna noko ettermiddags og helgejobbing basert på behov og i tråd med AML.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.Eining Barn og familie - er ei av 23 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fire avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT og avdeling tiltak og ressursar. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter på Husnes.