2. gangs utlysing, Psykiater/overlege - Psykiatrisk Klinikk
Stillingsannonsen er inaktiv.Helse Førde
Førde
Psykiatrisk klinikk er distriktspsykiatrisk senter (DPS) for Sunnfjord og Ytre Sogn og har også sentralsjukehusoppgåvene i Helse Førde med akuttpost, vaksenhabilitering og regional ruspost. Avdelinga har om lag 185 årsverk, herav 18 legestillingar. Vi har medisinstudentar frå Universitetet i Bergen vår og haust.
Avdelinga har fleire spennande prosjekt innan forskning og utvikling. Vi har tilsett med professorkompetanse, fleire tilsette med doktorgrad og vi har for tida 4 tilsette som held på med PhD. I 2019 starter arbeidet med å bygge nytt psykiatribygg som skal stå ferdig i 2021. Tilsette skal saman med brukarar, andre samarbeidspartar, tillitsvalde og verneombod vere med å forme og vidareutvikle behandlingstilbodet for innbyggarane i Sogn og Fjordane som skal vere i nybygget. Psykiatribygget vil vere samlokalisert med somatikken i Sentralsjukehust i Førde.
Vi har ledig 2 x 100% fast stilling som PSYKIATER/OVERLEGE frå 01.05.2019 ved Psykiatrisk klinikk i Førde. LIS 3 som har under eit år igjen til å bli ferdig psykiater kan også søke. Arbeid ved sengepost eller poliklinikk etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
- Diagnostisk utgreiing og behandling
- Rettleiing/opplæring til legar i spesialisering og anna helsepersonell
- Samarbeid internt og med eksterne samarbeidspartar
- Det vert forventa at overlegen tek del i det faglege utviklingsarbeidet
- Vaktarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykiater.
- Gode språkkunnskapar, både munnlege og skriftlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå.Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Førarkort i klasse B.
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Hovedfag / Mastergrad
Personlege Eigenskapar
- Du har motivasjon og engasjement for faget og pasientgruppa
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du tenkjer heilskapleg, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
- Du viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg fagmiljø med tverrfaglig samarbeid
- Ev. hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Fagleg og personleg utvikling
Andre opplysningar
- Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
Tor Christopher Fink, Seksjonsleiar DPS Dag, (+47) 995 45 570
Arbeidsstad
Førde
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Førde
Ref. nr.:4027105508
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Tal på stillingar: 2
Søknadsfrist: 02.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4027105508&company_id=57830201&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Helse Førde
Adresse
Hafstadvegen 36, 6800 Førde
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.
Om stillingen
Stillingstittel
Psykiater
Antall stillinger
2
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 3. april 2019
Hentet fra: Overført fra arbeidsgiver
Referanse: 9987179
Stillingsnummer: 38f55843-183f-4e77-8d3f-7643846483a8