Spesialsjukepleiar/vernepleiar 100% fast
Stillingsannonsen er inaktiv.Årdal kommune
Helse
Innleiing
Me har ledig ei 100% fast stilling som spesialsjukepleiar/vernepleiar i psykisk helseteneste, eller med tilsvarande kompetanse.
Me har ei tilsett som skal ut i pensjon og ynskjer difor tilsetjing snarast.
I dag er det 8,3 årsverk i psykisk helseteneste med ein høg grad av tverrfagleg kompetanse.
Tenesta gjev tilbod til dei som opplever livskriser, har psykiske plager og lidingar, og-eller rusutfordringar.
Arbeidsoppgåver
- Yte tenester knytta til enkeltvedtak. Dette inneber individuelle støttesamtalar og/eller miljøterapeutiske tiltak i heimen til brukar.
- Utarbeide, følgje opp og evaluere mål og tiltak for brukarar.
- Utarbeide og følgje opp Individuell plan.
- Delta på dagsentertilbod der personal og brukarar saman skal bidra til eit sosialt fellesskap.
- Samarbeide tverrfagleg kommunalt, interkommunalt og inn mot spesialthelsetenesta.
- Dokumentere i henhold til gjeldande lovverk.
Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus.
Me tilbyr
- Ein spanande og utfordrande arbeidskvardag
- Godt fag- og arbeidsmiljø
- Deltaking på kurs, konferanse og nettverksamlingar
- Ei teneste som er i endring og utvikling
- Hjelp til å skaffe bustad, barnehageplass og evt. arbeid til partnar
Kvalifikasjonskrav
- Fortrinnsvis sjukepleiar og vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og/eller rusarbeid. Praksis i høve psykisk helse og/eller rus er ynskjeleg.
- Ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Like å arbeide både sjølvstendig og i team.
- Kunne tilpasse seg brukarens behov
Andre opplysningar
Politiattest må framleggjast ved ansettelse.
Løn og andre vilkår etter gjeldande tariffavtalar.
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Årdal kommune
Adresse
Tangevegen 14, 6885 Årdalstangen
Me har ein visjon om at Årdal kommune skal vera ein god kommune å bu, leva og arbeida i.Me er omlag 5.261 innbyggjarar fordelt på tettstadene Øvre Årdal og Årdalstangen. Årdal ligg der Sognefjorden kryp på land, ved inngangen til Utladalen og Jotunheimen. Kommunen har svært gode vilkår for friluftsliv og gode offentlege tilbod som mellom anna vidaregåande skule, kulturskule, full barnehagedekning, idrettshallar, treningssenter, kunstgrasbaner, friluftsbad og moderne kino. Årdal kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 550 tilsette fordelt på 460 årsverk. Årdal kommune har eiga bedriftshytte for tilsette og kan yte lån og tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon finn du på heimesida vår: www.ardal.kommune.no
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 19. desember 2019
Hentet fra: Årdal kommune
Referanse: ardal-visma.alav.no/recruitment/opening?0?1013
Stillingsnummer: 38e7cef6-f146-4bdb-8ab7-13fabc3845dd