Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4413375302 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig fast stilling som sjukepleiar ved pleie og omsorg, for tida heimetenestene i ytre Herøy. Stillinga er ledig frå 01.09.2021. Arbeidstid er turnusarbeid på natt med arbeid to av seks helgar.
Heimetenestene i Herøy er delte inn i fagarbeidslag, som er delvis sjølvstyrte lag knytt til fagområder innan helse. Arbeidslaget har ein arbeidslagskoordinator som er fagleg leiar. Kompetanse og fag står i fokus. Ved intern tilsetting kan andre stillingsheimlar verte ledige.
Arbeidsoppgåver
Sjukepleiefaglege oppgåver
Kvalifikasjonar
- har bacherlorutdanning som sjukepleiar
- erfaring frå arbeid i heimetenesten kan vere ein fordel
- kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne, kommunen har nynorsk som administrasjonsmål
- må ha sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar
- likar faglege utfordringar
- evner å samarbeide i team
- har fokus på heilskapleg pasientforløp
- er strukturert, sjølvstendig og evner å prioritere arbeidsoppgåver
- er løysingsorientert og fleksibel
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Politiattest må kunne leggast fram før tilsetjing.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- pensjonsordning og frivilleg fritidsforsikring
- fagdag i turnus kvar 6. veke
- BAT (bevegeleg arbeidstid) som gir personalet større fleksibilitet i turnus
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Siv Jensen, Avdelingsleiar, 90785178
Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5
6092 Fosnavåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4413375302
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 01.09.2021
Søknadsfrist: 04.08.2021
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!