Spesialsjukepleiar,100 % med helse- og sosialfagleg høgsk- utd
Om eininga/avdelinga
Aukra kommune opna eit av landets mest moderne omsorgssenter i mai 2018. Aukra Omsorgssenter inneheld 20 heildøgns omsorgsbustadar, aktivitetssenter, kortids-/rehabiliteringsavdeling, langtidsavdeling og skjerma avdeling.
Eining heimetenester har ansvar for heimesjukepleie, heimehjelp, samt drift av to aktivitetssenter. Arbeidsoppgåvene i den utlyste stillinga er spesielt retta mot tenester rus og psykisk helse.
Om stillinga
Stillinga er ei av 2 faste 100 % stillingar og er organisert i Eining heimetenester. I tillegg har dagsenteret 80 % stilling for aktivitør/miljøarbeidar/fagutviklar.
Arbeidet er i hovudsak på dagtid, men den som vert tilsett må ved behov rekne med noko kveldsarbeid. Stillinga er ein del av kriseteamet i kommunen. Stillinga inneber flexitid.
Har du høgskuleutdanning i helse- eller sosialfag, samt vidareutdanning i psykisk helse og rus, eller anna relevant vidareutdanning, oppmodar vi deg til å søkje.
Om du har lyst til å delta i utvikling av tenestene i Aukra kommune vil dette kunne vere ei spennande utfordring.
Eining Heimetenester set brukarstyring i sentrum, og det er viktig å ha fokus på meistring hos den einskilde.
Tenestemottakar skal vere ein aktiv part og oppleve meistring i eigen kvardag, og verte møtt på det som er viktig for seg.
Arbeidsoppgåver
- Utføre klinisk arbeid med støttesamtalar og gjennomføre tiltak som fører til auka meistring i samarbeid med
den enkelte brukar - Samarbeid med spesialisthelsetenesta i psykisk helse og rus på individnivå
- Delta i arbeidet med å utvikle tenestene innan rus og psykisk helse
- Delta i revidering av planar og gjennomføre nye tiltak
- Delta i nettverksmøter og arbeid med individuell plan
- Koordinering av tenester etter samtykke
- Delta i utvikling av tverrfaglege samarbeid for å skape robuste fagmiljø og samarbeid om tenester
Krav til søkar
- Sjukepleiar/høgskuleutdanning i helse- og sosialfag
- Vidareutdanning i rus og/eller psykisk helse eller anna relevant utdanning
- Vi søkjer etter deg som kan arbeide sjølvstendig og vere med pål å utvikle tenester for målgruppa
- Du må ha gode evner til å arbeide åleine og i team
- Du må ha førarkort, og enkelte dagar må du kunne disponere eigen bil
- God datakunnskap og kjennskap til velferdsteknologi
- Du må ha autorisasjon
- Du må nytte nynorsk som målføre og beherske norsk språk skriftleg og munnleg
- Personelg eignaheit
Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø som du er aktivt med på å skape
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff (+ kr. 15.000,- i framforhandla tillegg for sjukepleiarar)
Rekrutteringstilskot
Utdanningsstønad frå fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Om bedriften
Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3600 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.Aukra kommune har omlag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: rådmann, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar samt 11 einingar. Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.