Sjukepleiar/vernepleiar med/utan relevant tilleggsutdanning
Org. nr: - Stillingsident: 4272653842 Presentasjon av stillingen:
Ved Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde har vi frå 01.10.2020 ledig 100 % fast stilling for miljøterapeut i turnus dag/aften med arbeid kvar 3. helg.
Seksjonen har 16 døgnplassar derav 2 brukarstyrte og eit ambulant team som er knytta opp mot seksjonen. Pasientgrunnlaget er i alder 18 år og oppover med breitt spekter av diagnoser. Vi arbeider både individuelt og i tverrfaglege team rundt pasientbehandlinga.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutiske oppgåver rundt enkeltpasientar
- Ansvar for tillaging og utdeling av medikament
- Koordinere dagleg drift i seksjonen (ansvarsvakt)
- Delta i fagutvikling og forbetringsarbeid.
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar/vernepleiar med eller utan relevant tilleggsutdanning
- Dersom du ikkje har relevant tilleggsutdanning, er du villig til å ta dette så snart det let seg gjere
- Av miljømessige årsaker oppmodar vi yngre personar og menn om å søke
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker ein person med stor arbeidskapasitet som kan å bidra til å utvikle seksjonen fagleg
- Du skal kjenne din faglege ståstad og dele kunnskap med kollegaer
- Oppgåver som rettleiar for studentar og hospitantar
- Du må ha godt humør og kunne delta i ulike former for fysisk aktivitet
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og kunne takle raske omstillingar
- Førarkort klasse B
Vi tilbyr
- Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø der tilsette opplever stor trivsel og tryggleik
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i god pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande verksemd
Kontaktinformasjon
Bente Midtbø Ødegård, Seksjonsleder, 71123229 /95554454, Bente.Midtbo.Odegard@helse-mr.no
Arbeidsstad
Nøisomhedsveien 12
6416 Molde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4272653842
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal