Rådgjevar
Org.nr.:921244207 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Rådgjevar innan folkehelse, plan og kultur
Saman blir vi drivande gode er visjonen til Sunnfjord kommune. I dette ligg det mellom anna at vi skal sikre ei sosialt berekraftig utvikling, god helse og livskvalitet, samt trygge og gode oppvekstvilkår for innbyggarane våre. Vi ønsker å tilby innbyggarane våre det gode kvardagsliv. Har du lyst til å vere med å bidra til dette?
Vi har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar innan folkehelse, planarbeid og kultur i Sunnfjord kommune. Stillinga er under utforming og arbeidsoppgåvene kan bli endra ut i frå kven som blir tilsett.
Stillinga er lagt til stabseining for Fagutvikling.
Aktuelle arbeidsområde:
- koordinere kommunen sitt tverrfaglege og systematiske folkehelsearbeid
- engasjere/bistå administrativt og politisk nivå i folkehelsearbeidet i kommunen
- søke på, og koordinere ulike tilskotsordningar
- prosjektutvikling, rapportering og evaluering av folkehelsetiltak
- plan- og utviklingsarbeid, samt analyse- og utgreiingsarbeid
- brei deltaking og samarbeid på tvers av kommunen sine tenesteområde
Vi ønsker ein person med følgande kvalifikasjonar/erfaring:
-
relevant utdanning, fortrinnsvis på masternivå, til dømes innan folkehelsearbeid eller samfunnsvitenskap/planlegging
-
- lang relevant erfaring kan kompensere for mastergrad
-
erfaring og kompetanse innan folkehelsearbeid og helsefremmande arbeid
-
erfaring med prosjekt- og utgreiingsarbeid, og gjennomføring av tverrfaglege prosjekt
-
erfaring med kommunal planlegging
-
god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar:
Sidan stillinga er under utforming, vil du kunne få vere med å skape din eigen arbeidskvardag. Det krev at du arbeider sjølvstendig og har gode samarbeidseigenskapar. Du har evne til å sjå heilskaplege løysingar og likar å arbeide i prosessar. Vi vil vektlegge eigenskapar som: god kommunikasjons- og formidlingsevne, evne til å arbeide systematisk og strukturert, kreativ tenking og evne til å bygge gode og tillitsfulle relasjonar.
Vi tilbyr:
- godt arbeidsmiljø og ein variert arbeidskvardag
- moglegheit for fagleg utvikling
- gode pensjons- og forsikringsvilkår
Løn etter avtale.
Vi håper du søker og ser fram til å høyre frå deg! Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Einingsleiar Liv Janne Bell Jonstad, Tlf: +47 57 61 26 59, Mobil +47 909 80 067, Epost: liv.janne.bell.jonstad@sunnfjord.kommune.no
Om bedriften
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.