Helgestilling sjukepleiar/ sjukepleiarstudent
Org. nr: 983974724 Stillingsident: 4133196659 Presentasjon av stillingen:
Ønskjer du spennande arbeid ved Lungeavdelinga ?Lungeavdelinga søkjer ein dyktig sjukepleiar- eller sykepleiarstudent til fast helgestilling. Det er ønskjeleg at søkjar har pleieerfaring frå tidlegare. Stillinga er i snitt pt. kvar 3.helg og det kan bli aktuelt med ekstravakter i veker og helg/helligdagar. I tillegg er det moglegheit for meir intensiv jobbing i ferier. Lungeavdelinga har to sengepostar. Post 3 har 20 sengeplassar med hovudansvar for tre store pasientgrupper, lungekreft, KOLS (pasientar med kronisk obstruktive lungesjukdommar) og lungeinfeksjonar. Vi har også 1 luftsmitteisolat for pasientar med tuberkulose. I tillegg behandlar vi pasientar med mellom anna pneumothorax, lungefibrose, sarkoidose og lungeemboli. Post 1 har totalt 16 sengeplassar fordelt på to grupper med 8 sengeplassar ved respiratorisk overvakingseining (ROE) og 8 lungemedisinske senger. Ved ROE behandlar ein pasientar med akutt og kronisk respirasjonssvikt. Lungeavdelinga er ein arbeidsplass med høg aktivitet og mange varierte og spennande utfordringar. Avdelinga tilbyr god opplæring og rettleiing til nytilsette. Det er eit godt tverrfagleg miljø ved avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og behandling til pasientar
- Oppfølging av pasientar og pårørande
- Andre oppgåver knytt til drift av posten
Kvalifikasjonar
- Stillinga passar for deg som er utdanna sjukepleiar eller er student innan sjukepleie eller medisin
- Det er fint om du har fullført sjukehuspraksis, men om du har god pleieerfaring frå tidligare vil dette kunne kompensere
- Vi ønskjer deg som har lyst til å jobbe med lungesjuke pasientar og skaffe deg erfaring ved å arbeide med ei spennande pasientgruppe
- Du må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer oss engasjerte medarbeidarar som søkjer faglege utfordringar og har interesse for feltet lungesjukdom
- Vi søkjer deg som er løysingsorientert, med evne til å arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø med varierte utfordringar
- Godt humør og ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- God opplæring
- Fagleg høgt nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Godt tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø!
Kontaktinformasjon
Solveig Margrethe Dale, Seksjonsleiar, 97505125
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4133196659
Stillingsprosent: 15%
Startdato: 04.11.2019
Søknadsfrist: 03.10.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.