Lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Førde kommune har ledig lærlingstillingar frå hausten 2019 for barne- og ungdomsarbeidar.
Vi har ledig 3 lærlingstillingar i dette faget. Det første året vert stillingane knytt til kvar sin kommunale barnehage. Andre året vil lærlingane arbeide ved barneskule/SFO og ungdomsskule.
Alle skulane og barnehagane har mange dyktige medarbeidarar som vil ta godt vare på deg som ønsker å bli barne- og ungdomsarbeidar.
Krav til kvalifiasjonar:
- gjennomført VG1 og VG2
- lite fråvær
- bestått i alle fag
- god orden og oppførsel
- god skriftleg og munnleg norskkunnskap
Vi legg vekt på at du:
- har interesse for faget
- er positiv, omgjengeleg og samarbeidsvilleg
- tar ansvar for eiga læring
- er fleksibel
Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.
Vi håpar du har lyst til å fortsette vegen mot fagbrev hos oss og sender ein søknad!
Har du spørsmål før eller etter du har søkt, ta gjerne kontakt.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Siv Gråberg, Tlf: +47 57612665, Epost: siv.graberg@forde.kommune.no
Om bedriften
Førde ligg midt i Sogn og Fjordane og tilbyr rike naturopplevingar med sine vakre elvar, fjell og dalar. Kommunen har om lag 13 000 innbyggarar og er sentrum for handel, service og utdanning i fylket. Vi har eit variert kulturliv med teater, kino, konsertar og utstillingar samt andre kulturhendingar. Mykje av dette er knytt til vår eiga storstove, Førdehuset, som også byr på svømmehall og idrettsanlegg. Førde kommune er den største arbeidsplassen i kommunen ved sida av Sentralsjukehuset og har om lag 1200 arbeidstakar innanfor mange ulike yrke.