Helgestillingar
Me treng deg som i lag med oss vil gje bebuarane ein god kvardag!
Tysnes omsorgssenter jobbar med ein heilskapleg oppfatning av bebuaren, med fokus på aktivitet og meistring. Me skal hjelpe bebuarane til å ta vare på sin identitet og integritet,
og brukarene skal sikrast medverknad i dagleglivet på institusjonen.
Nytt bygg og moderne utstyr og teknologi
Me er stolte av våre flotte, moderne lokalar, i bygget som stod ferdig i 2017. Her er me samlokalisert med heimetenesta, noko som sikrar eit godt samarbeid, gode tenester og
heilskapleg pasientforløp. Me bruker hjelpemiddel som Hospital IT, som
gjev oss meir tid til pasientnært arbeid og meir kvalitetstid med bebuarane.
Tysnes omsorgssenter består av:
- 30 institusjonsplassar.
- Eigen avdeling for personar med demens.
- 5 plassar til korttids- og rehabiliteringsopphald.
- 1 kommunal akutt døgnpost (KAD-plass)
Stillingsstorleik
Me har to forskjellige turnus på helg:
- 18,3 % med arbeid kvar 2. helg.
- 12,2 % med arbeid kvar 3. helg.
Bli med oss på laget?
Vil du være med og gje våre bebuarar og brukarar ein god kvardag? Me kan freiste med kjekke kollegaer og høve til fagleg utvikling. Send oss ein søknad, så tek me ein prat. Kanskje akkurat du passer i lag med oss!
For fleire jobbhøve, sjå www.tysnes.kommune.no/ledigestillingar og www.tysnes.kommune.no/jobbihelse-tysnesomsorgssenter
Arbeidsoppgåver
- Stell, pleie og rettleiing.
- Miljøarbeid og heilskapleg bistand til bebuarane på omsorgssenteret.
- Tilrettelegging og hjelp i måltid.
- Legemiddelhandtering/multidose etter gjevne retningsliner, dersom du har autorisasjon.
- Følgje opp pleieplanar og prosedyrar.
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Student innan relevant studieforløp som helsefagarbeidar, vernepleie, sjukepleie.
- Personar med relevant erfaring kan og søkja.
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Det er ynskjeleg med erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre.
- God grunnleggande datakunnskap.
- Kjennskap til journalsystemet CosDoc vil vera eit føremon.
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest etter lov om helsepersonell § 20a.
Personlege eigenskapar
- Profesjonell tilnærming til arbeidet og evne til å anvende kunnskap i praksis.
- Engasjert, ansvarsfull og arbeidar målretta med pasientintervensjonar og oppfølging av desse.
- Tillitsfull, fleksibel, initiativrik og oppteken av å bidra til godt pasientarbeid og arbeidsmiljø.
- Trivast med utfordringar, er løysingsfokusert og oppteken av godt samarbeid.
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande, kjekt og meiningsfylt arbeidskvardag.
- Løn etter gjeldande kommunalt regulativ.
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
- Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv, IA- verksemd.
Kontaktinformasjon
Helga Nilsen Boland, Einingsleiar Tysnes omsorgssenter, 951 76 846, helga.n.boland@tysnes.kommune.noKristine Trane, Kommunalsjef helse og omsorg, 900 41 561
Arbeidssted
Uggdalsdalen 85685 Uggdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Tysnes kommuneReferansenr.: 4611163184
Stillingsprosent: 12, 18%
Fast
Søknadsfrist: 19.02.2023
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.