Nattevakt Bu- og miljø Sogndal
Sogndal kommune Bu- og miljø tenesta - Sone Stedje
Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 65%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. desember
Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune yter tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne. Pasient- og brukargrupper er personar med funksjonsnedsetting som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar personleg assistanse, opplæring i dagleglivet, tilrettelagde bustadar, dagtilbod og fritidstilbod.
Sogndal kommune har ledig fast nattevaktstilling i ca 65% som miljøterapeut/miljøarbeidar i Bu- og miljøtenesta i Stedjevegen i Sogndal.
Stillinga er ledig frå snarast. Arbeidsgjevar tek atterhald om at det kan kome fleire faste stillingar/vikariat i utlysingsperiode som og kan bli handsama med same søkjargruppe.
Sentrale ansvarsområde:
- Målretta miljøarbeid
- Ivareta nødvendig helsehjelp
- Journalføring
- Oppfølging av vedtak etter HOL kap 9
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Primærkontakt- og koordinatoroppgåver kan bli delegert frå leiar
- Andre oppgåver ved behov
Kvalifikasjonar:
- 3- årig helse-sosial- eller pedagogiske fag frå høgskule eller vidaregåande opplæring innan helse- og omsorgsfag
- Fordel med erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonshemming
- Fordel med kjennskap til Gerica, Microsoft 365 og Visma flyt ressursstyring
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar:
- Omsorgsfull
- Skape tillit til tenestemottakar, kollegaer og pårørende
- God lagspelar
- Trygg på deg sjølv og eiga rolle
- Løysingsorientert og fleksibel
- Glad i å skape gode resultat saman med andre
Spesielle vilkår for stillinga:
Den som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkolose/MRSA-skjema, evt. Tuberkulinattest av ny dato
- Politiattest av ny dato
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Løn etter tariff
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2800342
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3433507_210339_nn