Fagutviklingssjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4100510483 Presentasjon av stillingen:
Ønskjer du å arbeide i eit spennande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse?
Akuttmottak kan tilby ein variert, krevjande arbeidsdag og eit triveleg og lærerikt arbeid. Akuttmottak er moderne og framtidsretta og har fokus på pasientar, pårørande og personleg utvikling for dei tilsette. I møte med pasientar og pårørande er sjukepleiar i samhandling med mange yrkesgrupper i sjukehuset. Akuttmottak tar årleg i mot over 38.000 pasientar.
Stillinga er 100 prosent hvor 80 prosent som fagutviklinssjukepleiar og 20 prosent helgestilling.
Arbeidsoppgåver
- Samarbeid med seksjonsleiar arbeide for at personalet har høg fagleg kompetanse
- Jobbe tverrfagleg
- Leggje til rette for kurs og fagutvikling, og dermed skape vekst for kvar enkelt tilsett
- Ansvar for undervising og fagleg oppfølging av kvar enkelte tilsett
- Oppdatere og utvikle fagprosedyrar etter gjeldande retningsliner
- Systematisere kurs og utvikling.
- Individuell oppfølging av kvar enkelte tilsett
- Leggje til rette for å heve den grunnleggjande kompetansen i avdelinga.
- Ansvar for oppfølging av medisinsk-teknisk utstyr
- Fordel med kunnskapar i simuleringstrening
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Minimum 4 års erfaring frå arbeid i Akuttmottak
- God IKT kunskap
- Gjerne erfaring frå undervising og leiing
- Du er fagleg dyktig og held deg oppdatert på utvikling i faget
Personlege eigenskapar
- Trivast med å arbeide i eit hektisk, tverrfagleg miljø
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Ha respekt for den enkelte pasient og dei tilsette
- Vere fleksibel og løysingsorientert
- Høg arbeidsmoral blir forventa
- God kommunikasjonsevne og evne til å jobbe strukturert og målretta
- Du er inspirator og pådrivar og kan arbeide sjølvstendig
Vi tilbyr
- Lønn ihht gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass
Kontaktinformasjon
Robert Nekkøy, Einingsleiar, 47270564
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenummer:4100510483
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 21.07.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.