Fysioterapeut, 100 % vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4370350806 Presentasjon av stillingen:
Me har ledig eit 100 % fysioterapeutvikariat frå 29.03.21 til 15.08.21. Det er viktig for oss at søkjar kan tiltre i stillinga så snart som råd. Det kan bli aktuelt med forlenging av vikariatet med 30 - 50 % stilling ut året, og kanskje lengre framover. Planen er å knytta stillinga til eit vikariat ved spesialisert rehabiliteringsdøgnpost. Dersom søkjar har meir relevant klinisk erfaring innan hjarte- og lungefysioterapi, kan det bli aktuelt å knytta stillinga til medisinsk avdeling i staden. Fysioterapeuten arbeider både sjølvstendig og samhandlar tett med andre faggrupper. Seksjon Fysikalsk medisin og rehabilitering består av ein spesialisert rehabiliteringsdøgnpost, fysikalskmedisinsk- og rehabiliteringspoliklinikk, og terapeutavdeling som gir tenester til pasientar ved døgnpostane ved Stord sjukehus. I seksjonen har me 8 faste fysioterapeustillingar, og i tillegg har med ergoterapeutar, logoped, hjelpepleiarar, sjukepleiarar, nevropsykolog, legespesialistar og sjukehusprest.
Arbeidsoppgåver
-
Kartlegging og behandling av pasientar.
-
Samhandling med andre faggrupper.
-
Rettleiing til interne og eksterne samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
-
Norsk autorisasjon som fysioterapeut.
-
Kunna norsk munnleg og skriftleg. For søkjarar med anna morsmål, må ein ha aktuell norsk språktest; Bergenstesten.
-
Det er ein fordel med klinisk erfaring frå sjukehus/ spesialisthelsetenesta.
-
Det er ein fordel om søkjar har relevant vidareutdanning eller klinisk erfaring med rehabilitering og/ eller hjarte- og lungefysioterapi.
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter ein fysioterapeut som:
-
er engasjert og motivert til å gjera ein god jobb
-
har gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
-
tar initiativ og kan arbeida sjølvstendig og i team
-
har evne til å tileigna seg prosedyrar og rutinar raskt og effektivt
-
er omstillingsvillig
-
held seg oppdatert på faglege retningslinjer og er opptatt av kunnskapsbasert praksis
Vi tilbyr
-
Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
-
Gode pensjons- og arbeidsforsikringar.
-
Arbeid ilag med dyktige medarbeidarar.
-
Godt arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
Marianne Hollund Espeland, Avdelingsleiar, 4795234329
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 STORD
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4370350806
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 03.05.2021
Søknadsfrist: 14.04.2021
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.