Mellombels stilling som BPA - assistent
Stillingsannonsen er inaktiv.Nord-Fron kommune
Nord-Fron kommune
Beskrivelse
Liker du å arbeide med mennesker?
Vi har behov for å tilsette BPA frå snarast til ein vaksen mann.
Stillinga er i utgangspunktet 2 dagar og helg på dagtid kvar 2. veke.
Arbeidstida er 5 timar kvar dag.
Det kan og bli fleire dagar og andre arbeidstidar dersom du er interessert i å arbeide som vikar for andre assistentar, og hos andre brukarar.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver som BPA kan vere (avhengig av brukar og behov):
- Assistere i paktiske gjeremål.
- Enkelt husarbeid.
- Handling og kafebesøk.
- Kjøring til ulike tilbod for brukar.
- Personleg stell, påkledning og måltider.
Kvalifikasjonar
- Ingen formelle krav til kompetanse blir kravd for stillingane og opplæring vil bli gitt.
- Godt humør og forståelse for at dagsformen hos brukar kan variere.
- Du må ta hensyn til at arbeidsplassen er heimen til brukaren.
- Erfaring frå liknande arbeid vil vere ein stor fordel.
Menn blir oppfordra til å søke.
Vilkår
- Løn som assistent.
- Førarkort klasse B.
- Politiattest av nyare dato er kravd for stillinga før oppstart.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Nord-Fron kommune
Adresse
Nedregata 50, 2640 Vinstra
Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 900 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 14 000 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 27. januar 2021
Hentet fra: Nord-Fron kommune
Referanse: enterprise.nord-fron.kommune.no/recruitment/opening?1?722/2021
Stillingsnummer: 37bdd2dd-2c24-4577-bd56-5581031cdacc