Prosjektstilling – vil du vere med å effektivisere og digitalisere drifta i NGR, og samstundes jobbe med driftsoppgåver?
Nord-gudbrandsdal Renovasjonsselskap Iks
Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom, Skjåk
Om jobben
Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS (NGR) lyser ut ei midlertidig stilling frå snarast. Stillinga er 100% stilling som prosjektmedarbeidar i NGR.
- Stillingstittel
- Renovasjonsarbeider
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Prosjekt, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Hva vi ser etter
Vi søkjer ein framoverlent og nytenkjande person, med gode digitale ferdigheiter og med kjennskap til bedrifta NGR. Vi leitar etter nokon med fylgjande kvalifikasjonar:
Inneha kompetanse frå renovasjon eller omvinning (kurs eller fagbrev og erfaring).
Ha god kjennskap til bedrifta NGR eller renovasjonsbransjen.
Inneha B og C førarkort
Gode digitale ferdigheiter og lett kunne jobbe i ulike program og utstyr
Fleksibel, positiv og serviceinnstilt.
Meistre å jobbe sjølvstendig, men samstundes kunne samarbeide godt med. andre, og på tvers av avdelingar.
Initiativrik og løysingsorientert
Læreviljug og lærenæm.
Sans for orden og struktur
Arbeidsoppgaver
Feltarbeid ute i heile Nord-Gudbrandsdalen - registreringar av til dømes behaldarar, konteinarar osv.
Digitaliseringsarbeid
Utstyrsregistrering, lagerføring og datafangst.
Sentral person i utføringa av neste dunkeprosjekt.
Ressursperson for både miljøstasjonar og renovasjon ved fråvær og anna ekstra behov.
Anna kvalitetsarbeid
Vi tilbyr
Ei ny og spennande prosjektstilling i ei bransje i utvikling og vekst.
Godt arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
Lønn etter tariff.
Gode pensjon- og forsikringsordningar.
Opplæring og kursing.
Stillinga vil ligge organisatorisk under driftsleiar. Oppmøtestad vil variere men arbeidsgjevar vil tilretteleggje for gode arbeidsforhald og nødvendig utstyr. Bil ved mykje køyring.
Om bedriften
Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja. Selskapet blei skipa 08.01.1997, og blei seinare omdanna til eitt IKS i 2003.
Føremålet til NGR IKS er å syrgje for ei miljømessig, teknisk og økonomisk forsvaleg avfallsdisponering i eigarkommunane, med minst mogleg totale klimautslepp.
NGR si hovudoppgåve er å syrgje for innsamling, mottak og handsaming av hushaldningsavfall frå dei vel 8000 hushaldningane, og 7000 fritidsbustadane i eigarkommunane.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
37bd016d-9c59-4c8e-a6c2-a25cedbb0f8c
- Sist endret
26. november 2025
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
37bd016d-9c59-4c8e-a6c2-a25cedbb0f8c
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Norsk Gjenvinning Renovasjon
Sted
Elverum
Prosjektleder
Arbeidsgiver
Dobloug Maskin AS
Sted
Brumunddal
Økonomisjef
Arbeidsgiver
TW Gruppen AS
Sted
Disenå
Mengdeberegner
Arbeidsgiver
Dobloug Entreprenør
Sted
Vang På Hedmarken