80 % vikarstilling på medie- og kommunikasjon
Om stillingen:
Sogndal vgs har frå01.08.19 til 31.07.20 ledig 80 % vikarstilling på medie- og kommunikasjon, med undervisning i journalistikk og tekst.
Kvalifikasjonar
Kompetanse i medieproduksjon innafor journalistikk, med vekt på tekst og bilete, samt digital forteljarkompetanse i journalistikk innan tekst, bilete, levande bilete og sosiale media. Det betyr at du har god digital forståing og er oppdatert på nye publiseringsformer.
Pedagogisk kompetanse som gjev undervisningskompetanse på vidaregåande skule.
Gode digitale ferdigheiter er eit krav.
Kunne beherske norsk som undervisningsspråk
Ønska kvalifikasjonar utover minstekrav
Gjerne erfaring frå vidaregåande skule
Oppdatert erfaring frå mediebransjen er eit føremon.
Det er ein styrke om søkjar har erfaring innanfor informasjonsarbeid.
Personlege eigenskapar
Du må like å jobbe med ungdom og vere strukturert, samtidig som du kan jobbe i eit hektisk og nyskapande miljø.
Du må vere god på relasjonar og ein tydleg klasseleiar
Du må ha gode samarbeidsevner , vere fleksibel og like å jobbe i team. Det er også lagt opp til samarbeid med eksterne aktørar frå fylket og Campus Sogndal.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
For stillinga gjeld:
Løn etter gjeldande regulativ
Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar
Gode pensjons- og forsikringsvilkår
6 månaders prøvetid
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. Opplæringslova §10-9.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte avdelingsleiar for medie- og kommunikasjon Gunn Beate Thorsnes Lefdal, gunn.beate.thorsnes.lefdal@sfj.no , tlf: 412 98 359, eller administrativ leiar Tor Arne Hov, tor.arne.hov@sfj.no tlf.: 473 04 400.
Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju.
Det blir teke atterhald om at overtalige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling.
Søknadsfrist 5. juli 2019
Om bedriften
Sogndal vidaregåande skule er den største skulen i fylket med ca 800 elevar og 170 tilsette. Skulen har for tida 43 klassar, fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, teknikk og industriell produksjon, medium og kommunikasjon, idrettsfag, helse- og oppvekst, restaurant- og matfag, studiespesialisering og service og samferdsel. Skulen har òg grunnskule for minoritetsspråklege, vaksenopplæring, kursverksemd og landslinje for yrkessjåførar. Skulen held til i nye moderne lokale på Fosshaugane Campus. Skulen legg vekt på å skapa gode læringsmiljø og arbeidsvilkår for elevar og tilsette med fokus på kvalitet, trivsel, kunnskap, meistring og utvikling.
For meir informasjon gå til skulen si heimeside www.sogndal.vgs.no