Blombakkane
Øygarden kommune Blombakkane bustader
Blombakkane, 5354 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar 100% fast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 26. november
Om avdelinga:
Blombakkane bustader yter heildøgns omsorgstenestar til 9 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Blombakkane bustader ligg sentralt på Straume med gangavstand frå Straume bussterminal. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Me er ein flott og tverrfagleg samansett personalgruppe beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Arbeidsmiljøet er prega av tett samarbeid og derav stor kollegastøtte til kvarandre, noko me verdsett høgt. Me har no ein ledig 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar.
Årsturnus ligg med langvakter, 12,5 t, og arbeid kvar 4 helg. Moglegheit for neste års turnus med ordinære vakter med arbeid 3 kvar helg.
Vi søker deg som brenner for å sikre gode tjenester til mennesker med utviklingshemning. Du er fagleg engasjert, og liker å ta ansvar og arbeide for god kvalitet i tjeneste vår i samarbeid med andre. Som sjukepleiar/vernepleiar vil du få gode moglegheiter til fagleg utvikling både innan miljøterapi og innan somatisk helse.
Arbeidsoppgåver:
- Legemiddelhandtering
- Oppfølging i henhold til helse og omsorgstjenestelova kap. 9 og pasient og brukerrettighetslova kap. 4a.
- Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
- Fagleg arbeid med observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar.
- Primærkontaktansvar, tverrfagleg samarbeid med ulike instansar og kontakt med pårørande.
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.
Kvalifikasjonar:
Må ha:- 3-årig høgskuleutdanning, vernepleiar/sjukepleiar
- Gyldig autorisasjon
- Kjennskap til Helse og omsorgstenestelova kap 9 og Pasient og brukerrettighetsloven kap. 4a
- Erfaring frå brukergruppa
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Engasjert, fleksibel og initiativrik
- Open og etisk reflektert
- Påliteleg, audmjuk, tolmodig og omgjengeleg
- Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team.
- Ansvarsbevisst
Anna:
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
- Avdelingsleiar Blombakkane bustader: Daniel Savic Røed
- TLF: 48 99 18 64
- EPOST: daniel.roed@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Daniel Savic Røed
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
376d643e-de06-44c8-83f8-496ef0f3374f
- Sist endret
12. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3560789_192849_nn
Lignende annonser
Sjukepleiar 65% fast stilling, natt
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Heimetenesta
Sted
Straume
Sjukepleiar 2 x 80% vikariat
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Øygarden lokalmedisinske senter
Sted
Straume
Vernepleiar/sjukepleiar 100% vikariat
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Vågaleitet omsorgsbustad
Sted
Øygarden