ID 549 Helsesjukepleiar og prosjektmedarbeidar, 2. gongs utlysing
Lyst å jobbe i eit triveleg fagmiljø?
Det er ledig fast 50 % stilling som helsesjukepleiar ved Fitjar Helsestasjon. Me har og fått innvilga prosjekt- og kompetansemidlar frå Helsedirektoratet for å styrkje og utvikle tenesta. Måla er m.a. fokus på tidleg innsats og betre tverrfagleg samhandling, auka kunnskap og kompetanse kring seksuell helse og psykisk helse. Me søkjer difor etter ein helsesjukepleiar, og ein prosjektmedarbeidar med relevant helsefagleg høgskule-utdanning frå 01.08.19, eller etter avtale. Stillingsstorleik helsesjukepleiar 100 %, derav 50 % inntil 1 år. Prosjektmedarbeidar 40 % inntil 1 år.
Aktuelle arbeidsoppgåver:
-
Førebyggjande helsetenester til barn og unge 0 - 20 år, både i helsestasjonstenesta, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom
-
Foreldrerettleiing/foreldrestøttande tiltak i konsultasjonar/grupper
-
Rettleiing og undervisning til barn og unge i skulehelsetenesta
-
Tverrfagleg samhandling
-
Utvikling av tenestetilbodet
Kvalifikasjonar:
- Krav om norsk autorisasjon som sjukepleiar med godkjent vidareutdanning som helsesjukepleiar, eller anna relevant helsefagleg høgskuleutdanning
Me søkjer deg som:
-
Har eit hjarte for barn, ungdom og familier
-
Er fagleg engasjert i førebyggjande arbeid
-
Er motivert for utviklingsarbeid kring tverrfagleg innsats og Barn som pårørande
-
Har gode samarbeidsevner
-
Har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
-
Tenkjer tverrfagleg og heilskapeleg
-
Har evne til å arbeide strukturert og målretta
-
Er sjølvstendig, fleksibel og påliteleg
-
Fordel med arbeidserfaring som helsesjukepleiar eller i høve familierettleiing
-
Personlege eigenskaper vert vektlagt
-
Den som vert tilsett må disponere eigen bil i arbeidstida
Me tilbyr:
-
Eit triveleg og tverrfagleg miljø
-
Fleksible arbeidsforhold
-
Ei teneste under utvikling
-
Ein kommune som er under ulike satsingar, t.d. <>, <<Betre tverrfagleg innsats (BTI), <<Barn som pårørande>>, <>
Fitjar helsestasjon er no i ein omstillingsfase. Hausten 2019 skal tenesta inn i etat ilag med barnehagar, skule og kultur. Helsestasjonen har tilsett 1 jordmor, 4 helsesjukepleiarar og er knytt opp mot helsestasjonslege og kommunal fysioterapeut.
Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju. Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato. Andre med relevant utdanning kan og søkje.
Kontaktperson: Leiande helsesjukepleiar Linn Therese Olaussen, tlf: 41641087, eller epost: liol@fitjar.kommune.no
Søknadfrist 31.05.2019. Elektronisk søknadsskjema finn du her
Søk på stillingen
Om bedriften
.