Pedagogisk Psykologisk Rådgjevar
Org.nr.:964 979 189 Stillingsident: 21/518 Presentasjon av stillingen :
Indre Ryfylke PPT er eit interkommunalt samarbeid mellom Sauda og Suldal der Suldal er vertskommune. Tenesta har 6,5 årsverk og kontor i både Suldal og Sauda.
PP-tenesta i Indre Ryfylke har fokus på at alle barn og unge skal oppleva inkludering og meistring. Me ønsker å vera ei teneste som er tett på barnehagar og skular, og saman med dei skapa eit godt og trygt læringsmiljø for alle.
Me søkjar ein person med eit positivt barnesyn som er fleksibel og løysingsorientert, har pågangsmot og interessert i medvirka i utviklingsarbeid. Du må trivast med varierte arbeidsoppgåver, lika å samarbeida, og vera ein god relasjonsbyggjar.
Det er ledig 100% fast stilling som pedagogisk psykologisk rådgjevar i Indre Ryfylke PPT med oppstart 01.08.2021
Arbeidsoppgåver
- Vera tett på skular med systemretta samhandling, tidleg innsats og førebyggande arbeid
- Gje rettleiing til skular på system og individnivå
- Bidra til kompetanseheving og organisasjonsutvikling i skulen
- Sakkunnig arbeid der lova krev det
Me tilbyr:
Interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse. PP-tenesta har tilgong til bestilling av bil og el-sykkel ved behov. Det kan vera behov for bruk av eigen bil.
Kvalifikasjonar
- Masterutdanning i spesialpedagogikk eller pedagogikk.
- Praksis erfaring frå arbeid innan barnehage eller skule.
Andre opplysningar
Du må ha førarkort
Stillinga vil fortida ha kontor i Suldal kommune
Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Generelt/Søknad sendast
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitmnemål må takast med til eventuelt intervju. Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med servicetorget tlf. 52 79 22 00.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Linda Skaar, Tlf: +47 52 79 22 44, Mobil +47 905 45 718, Epost: linda.skaar@suldal.kommune.no
Om bedriften
Indre Ryfylke PPT er eit interkommunalt samarbeid mellom Sauda og Suldal der Suldal er vertskommune. Tenesta har 6,5 årsverk og kontor i både Suldal og Sauda.
PP-tenesta i Indre Ryfylke har fokus på at alle barn og unge skal oppleva inkludering og meistring. Me ønsker å vera ei teneste som er tett på barnehagar og skular, og saman med dei skapa eit godt og trygt læringsmiljø for alle.