Lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Frå 1.august 2020 er det ledig læreplassar for lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget i Voss herad.
Om arbeidsstaden
Læretid i barnehage og/eller skule/SFO.
Arbeidsoppgåver
I ordinær læretid på 2 år vert det praktisk opplæring og samstundes arbeid med teoretiske oppgåver. Det vert gitt
rettleiing av fagrettleiar ved dei aktuelle arbeidsplassane.
Me søkjer
- Læring som ynskjer å ta fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Lærling som har bestått teoretisk eksamen i alle aktuelle fag
- Personlege eigenskapar vert vektlagd
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Hugs å gje opp referansar
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Om bedriften
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Voss kommune og Granvin herad er slått saman til Voss herad frå 2020. Det nye heradet har om lag 15.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 1350 tilsette. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. På vanleg vossa-vis går me for å bli verdas beste herad.