ID 1671 Lærlingar
Stord kommune er på jakt etter nye lærlingar! Stord kommune er ein spanande og variert arbeidsplass der du vil få utvikla deg både fagleg og personleg. Me er no på jakt etter nye lærlingar.
Stord kommune skal ta inn 19 nye lærlingar i 2021.
Me tek inn lærlingar i helsearbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget, tømrarfaget og IKT servicefaget.
Elevar i vidaregåande skule søkjer gjennom www.vigo.no innan 1. mars og sender i tillegg elektronisk søknad til Stord kommune. Andre søkjer berre elektronisk til Stord kommune.
++Alle søkjarane må senda inn kompetansebevis/halvårsvurdering innan++ ++søknadsfrist.++
Desse må sendast til :
Meir informasjon på www.stord.kommune.no/fagopplaring eller du kan kontakta Siv Nesse på telefonnummer 472 83 387.
Frist for å sende søknad til kommunen er ++1. mars++ .