Fagarbeidar/assistent i grunnskulen
Vi har frå 1/8-2019 ledig følgjande stilling:
- 60% fast fagarbeidar i hovudsak i 5.-7. klasse p.t. Hemsedal barne-og ungdomsskule
Utlysinga gjeld også andre stillingar som kan verta ledig ved skulane i Hemsedal.
Skulane i Hemsedal
Hemsedal barne- og ungdomsskule ligg fint til i Trøim sentrum med mykje fin natur rundt. HBU har 180 elevar fordelt på 5.-10. trinn.
Hemsedal Barne og ungdomsskule har etter kvart utvikla seg til å bli ei skule med stort fokus på fagleg utvikling og samhandling mellom pedagog og assistent. Vi arbeider for eit godt og trygt skulemiljø og deltek i pulje 2 Inkluderande barnehage og skulemiljø, eit prosjekt i regi av Utdanningsdirektoratet. Vi er i gang med spennande arbeid der vi innan 2021 har sentralisert 1.-4. trinn. Ny skule skal stå ferdig til skulestart 2021 for 1.-10. trinn. Mellom anna derfor har vi nyleg signert avtale med Veilederkorpset som skal hjelpe oss på ulike nivå mot å bli ei endå betre skule.
Kvalifikasjonar:
I utgangspunktet vil vi sjå etter barne- og ungdomsarbeidarar, men vil leggje stor vekt på personlege eigenskapar og relevant erfaring innanfor arbeid med barn og unge som har spesialpedagogiske utfordringar.
Vi søkjer etter deg som:
- har evne til å inspirere og vise omsorg
- er tydeleg vaksen med autoritative eigenskapar ser etter ressursen i barnet
- vil vere med å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- har engasjement for elevar med spesielle behov
- har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
- er nysgjerrig, skapande og tar ansvar
Skulen kan tilby:
- fokus på utvikling av fagleg kvalitet og godt miljø
- eit aktivt friluftsliv og nærleik til natur
- Skooler som læringsplattform
- god oppfølging og rettleiing av nye tilsette
- kompetanseheving
- kurs i nynorsk
- hjelp til å finne bustad
Krav til dokumentasjon:
Den som vert tilsett i stilling innan skulen skal levere tuberkuloseskjema og kan bli pålagt å ta tuberkuloseprøve. Det er krav om politiattest jf. opplæringslova for skulen før ein startar i stillinga. Det må søkjast elektronisk.
Det er krav om vitnemål og dokumentasjon frå tidlegare arbeidserfaring ved fastsetjing av lønn. Lønnsansiennitet blir sett til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.
Generell informasjon:
- Søkjarlister er offentlege
- Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside
- Vitnemål og attester som ikkje er lasta opp elektronisk, vil ikkje bli returnert
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
- Krav om politiattest jf. lovverk for dei forskjellige sektorane
- Vi oppfordrar til likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf HA § 7
Elektornisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar skal lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Alternativt kan dei sendast pr. post til: Hemsedal kommune, Hemsedalsvegen 2889, 3560 Hemsedal. Referansar vil ev. bli innhenta. Ved utfordringar i søknadsprosessen, kan du ta kontakt med postmottak@hemsedal.kommune.no.
Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.
Andre ledige stillingar i Hallingdal (NAV)
Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål er dei seks kommunane i Hallingdal. Vi har eit godt samarbeid og avstanden mellom oss er slik at det er mogleg å bu i ein kommune og jobbe i ei anna kommune. På vår webside finn du link til dei andre kommunene i sine websider. Du kan der søke deg fram til ledige stillingar for den enkelte kommune. På www.nav.no finn du også stillingar som ikkje er kommunale.
Om bedriften
Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2500 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.