Redaktør - lokalavisa i Sveio
Ledig vikariat frå medio mai 2019 - august 2020. Må kunne ta til i stillinga seinast 1. juni 2019. Jobben går i hovudsak ut på å produsera redaksjonelt innhald til avisa i lag med vår journalist. Arbeidstid er på dagtid, men kvelds- og helgearbeid må påreknast.
Om bedriften
Vestavind er lokalavisa for Sveio kommune, som ligg mellom Stord og Haugesund. Avisa kjem ut kvar torsdag, 48 gonger årleg. For tida er det tre årsverk i bedrifta, journalist, marknadskonsulent redaktør/dagleg leiar. Grunna permisjon, søkjer me nå etter nokon som kan fylle redaktørrolla eitt års tid.