Kommunikasjonsrådgivar - vikariat
Me søkjer kommunikasjonsrådgivar til eit vikariat fram til 1. september 2023, som hovudsakleg skal arbeide med innhald for oss. Me ynskjer oss ein kollega som set seg lett inn i ulike fagområde, er samfunnsengasjert og liker å arbeida både tett på andre og sjølvstendig.
Stillinga inneber planlegging og innhaldsproduksjon for ulike områder og tema, frå det overordna ansvaret Helse Vest har for sjukehustenestene til fagfelt som psykisk helsevern, pasientsikkerheit, forsking og digitalisering.
Du blir ein del av kommunikasjonsavdelinga i Helse Vest, som til saman er fem medarbeidarar. Me samarbeider tett med kollegaer i ulike avdelingar og helseføretak. Me har òg eit eige regionalt program for kompetansebygging for kommunikasjonsrådgivarar du får delta i.
Tiltreding så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåver
- produsere innhald og formidle dette i ulike kommunikasjonskanalane våre, for Helse Vest RHF og i samarbeid med helseføretaka på Vestlandet
- planleggje, gjennomføre og evaluere kommunikasjonstiltak
- vere rådgivar for kollegaer og leiing i spørsmål som gjeld kommunikasjon
- mediekontakt
Kvalifikasjonar
- utdanning frå høgskule eller universitet innanfor kommunikasjon, journalistikk, PR eller liknande
- erfaring frå kommunikasjonsarbeid og/eller journalistikk
- gode digitale ferdigheiter og - forståing, inklusiv erfaring frå publiseringsverktøy
- kjennskap til, og gjerne erfaring frå, komplekse organisasjonar og offentleg forvaltning
Har du interesse for, eller erfaring frå, helse og sjukehus det ein fordel, men ikkje ein føresetnad.
Personlege eigenskapar
Du
- er initiativrik, effektiv og målretta
- arbeider sjølvstendig og kan raskt setja deg inn i nye oppgåver
- samarbeider godt med andre og kan jobba med fleire ting samtidig
- er fagleg trygg
- blir motivert av å bidra til samfunnsoppdraget vi har
Vi tilbyr
- arbeid i team med kunnskapsrike kollegaer
- fleksibel arbeidstid
- løn etter avtale
- god pensjonsordning og moglegheit for lån i KLP
- gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag, "HjemJobbHjem" og tilrettelegging for sykling til arbeidsstaden
Arbeidsstad er Stavanger.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Bente Aae, Kommunikasjonsdirektør, 415 33 807Mirjam Pletanek Klingenberg , Senior rådgivar, 958 76 839
Arbeidsstad
Nådlandskroken 114034 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Vest RHFReferansenr.:4528214090
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 12.06.2022
Om bedriften
Det regionale helseføretaket Helse Vest har det overordna ansvaret for sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at kring 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei sjukehustenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa våre er vi ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Nærmare 29 000 medarbeidarar gir spesialiserte helsetenester innanfor fysisk helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Vi er 70 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 30 milliardar kroner. I dag har vi kontor på Forus, mellom Stavanger og Sandnes. Vi flytter til heilt nye og sentrale lokale i Stavanger sentrum i 2023.