Forvaltar for Jostedalsbreen nasjonalpark - vikariat
Stillingsannonsen er inaktiv.Fylkesmannen i Vestland
Rådhuset, 6868 Gaupne
Jobbnorge ID: 183001
Om stillinga
Fylkesmannen i Vestland har ledig vikariatstilling knytt til arbeid med forvaltning av Jostedalsbreen nasjonalpark. Den som blir tilsett vil samarbeide tett med den andre forvaltaren for Jostedalsbreen, samt med Statens naturoppsyn og andre verneområdeforvaltarar i fylket. For informasjon om Jostedalsbreen sjå www.nasjonalparkstyre.no
Arbeidet inneber breitt samarbeid med lokale, regionale og nasjonale myndigheiter, politikarar, grunneigarar, reiselivsverksemder og organisasjonar.
Varigheit: 01.04.2020 - 01.04.2022
Arbeidsstad: Gaupne
Arbeidsoppgåver
- Saksførebuing for Nasjonalparkstyret
- Planarbeid og arbeid med besøksstrategi
- Planlegging og oppfølging av tiltak og prosjekt
Kvalifikasjonar
- Relevant naturfagleg utdanning frå universitet eller høgskule. Relevant arbeidserfaring kan erstatte kravet om formalkompetanse.
- Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå offentleg naturforvaltning, og spesielt frå forvaltning av verneområde.
- God lokalkunnskap er ein fordel.
- Du må kunne køyre bil og rekne med noko reising i jobben.
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig og pliktoppfyllande
- Du har gode evner til å samarbeide med andre
- Du kommuniserer godt, både skriftleg og munnleg
Som tilsett hos Fylkesmannen får du
- interessante arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass i utvikling
- eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
- fleksibel arbeidstid
Vilkår:
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/ 1364 seniorrådgjevar, frå kr 480 000 - 600 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Fylkesmannen ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet er IA-verksemd, og vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.
Dei første seks månadane er prøvetid.
Tenestemålet er nynorsk.
Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.
Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.
Nærare opplysningar om stillinga får du av av:
- Nasjonalparkforvaltar Maria C. Knagenhjelm, tlf 93664256, e-post: fmsfmck@fylkesmannen.no
- Seksjonsleiar Eline Orheim, tlf. 415 63 847, e-post: fmsfeor@fylkesmannen.no
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Fylkesmannen i Vestland
Adresse
Kaigaten 9, 5015 Bergen
Hjemmeside
Fylkesmannen er statens representant i fylket, og har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Fylkesmannen skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styresmakter.
Fylkesmannen i Vestland har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde - med hovudsete i Leikanger.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 4. mars 2020
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 183001_Fylkesmannen i Vestland_jobbnorge
Stillingsnummer: 361034ae-b031-4c91-b8f9-00d77c734866