Ledig stilling som maskinførar
Green Yard Kleven søker etter maskinførar i 100% stilling.
I forbindelse med vår nysatsing innan resirkulering av skip, søker vi deg som har god erfaring innan maskinell riving. Arbeidsdagen vil omfatte maskinelle rivearbeid innan gitte krav til HMS, kvalitet og tid. Som maskinførar vil du bli ein del av Green Yard Kleven si transportavdeling - eit team med dyktige medarbeidarar innan kran, hjullastar og truckkøyring. Det er viktig for oss at du er fleksibel og kan ta på deg varierte oppgåver innan ditt fagfelt i transportavdelinga avhengig av kva oppdrag vi til ei kvar tid har. Denne stillinga blir eit viktig bidrag i jobben for at Green Yard Kleven skal nå sine berekraftsmål.
Arbeidsoppgåver:
- Sortering og handtering av skrapjern, samt lasting av båt ved kai.
- Sortering og handtering av avfall.
- Klipping av skrog og modular med stålsaks.
- Daglig inspeksjon og vedlikehald av maskiner og utstyr.
- Andre oppgåver innan transportavdelinga.
Kvalifikasjonar:
- Du må ha minst 2 års erfaring frå rive- og sorteringsarbeid med større utstyr.
- Maskinførarbevis M2, og gjerne fagbrev som anleggsmaskinfører.
- Det er ønskeleg at du har andre maskinførarbevis som M4 (hjullaster), T4 (truck), T8 (stortruck), G1-G3 (kran).
- Beherske norsk og/eller engelsk, både skriftleg og muntleg.
Personlige eigenskapar:
- Du jobbar systematisk og effektivt.
- Det er viktig for oss at du har lett for å ta initiativ, og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Løysingsorientert og sjølvgåande
- Som person har du lett for å samarbeide med andre og trivst med å jobbe i team.
Vi tilbyr:
- Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
- Trivelege og fagleg dyktige kollegaer med eit inkluderande arbeidsmiljø
- Spanande og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
- Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksitidsordning
Arbeidsstad er Green Yard Kleven i Ulsteinvik.
Om bedriften
Skipsverftet Green Yard Kleven AS i Ulsteinvik er saman med søsterverftet Green Yard Feda på Angholmen ein del av Green Yard Group. Green Yard Kleven tilbyr heile livsløpet til skip: Nybygg, reparasjonar, ombygging og resirkulering av skip, og er Noregs einaste livsløpsverft. Verftet er ISO-sertifisert innan miljø og kvalitet. Vi har dyktige og erfarne skipsbyggarar på alle nivå, og vi ser på våre tilsette som vår viktigaste ressurs og verdi.