Sosionom/ behandlar til FACT team
Stillingsannonsen er inaktiv.Folgefonn DPS, Helse Fonna HF
Sjukehusvegen 15, 5451 Valen
Org. nr: - Stillingsident: 4469466216 Presentasjon av stillingen:
Folgefonn DPS er ein seksjon i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Folgefonn DPS har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 20 000 vaksne innbyggjarar. FACT er eit fleksibelt aktivt oppsøkende behandlingsteam som er tverrfagleg samansett med lege, psykolog, erfaringskonsulent, sjukepleiar, sosionom og arbeidsspesialist (IPS). Folgefonn DPS består også av ein døgnavdeling og allmennpsykiatrisk poliklinikk med ruspoliklinikk, treningspoliklinikk og gjev ulike tilbod i grupper og individuelt. Det er gode samarbeidstilhøve mellom ulike einingar i Folgefonn DPS
FACT-teamet tilbyr oppfølging og behandling av menneske med psykiske vanskar som har behov for oppsøkande, samansette og koordinerte tenester over lengre tid frå psykisk helsevern på tvers av kommunale- og spesialisthelsetenester. Fokus er brukarperspektivet, fleksibelt å møta og utforma tiltak saman med den enkelte i sitt nærmiljø, familie mm. Teamet koordinerer og har tett samarbeid med kommunale instansar, NAV og andre viktige støttefunksjonar i Folgefonn DPS sitt opptaksområde, Kvinnherad og Ullensvang. For meir informasjon om arbeidsforma og FACT-modellen: http://.napha.no/content/6907/Ny-ACT--og- FACT-handbok
Arbeidsoppgåver
- Oppsøkande, fleksibelt og sjølvstendig behandlaransvar i tråd med FACT-modellen
- Samarbeid med spesialist og i tverrfagleg team
- Samarbeid med kommunale instansar og andre
- Undervisning/vegleiingsoppgåver
- Ivaretaking av det sosialfaglege perspektivet i teamet
Kvalifikasjonar
- Klinisk sosionom/sosionom med relevant vidareutdanning (t.d. psykisk helse, rus, familievern) eller andre høgskuleutdanna med tilsvarande utdanning
- Erfaring/utdanning innan relevant metodikk (t.d. kognitiv terapi, motiverande intervju, case management) er ønskjeleg
- Erfaring frå individualterapi eller anna form for sjølvstendig ansvar for oppfølging innan psykisk helse
- Erfaring frå psykososialt arbeid, oppsøkjande/ambulant, samarbeid på tvers og på ulike nivå
- Erfaring i bruk av relevante utgreiingsverktøy er ønskjeleg
- Førarkort for bil
Personlege eigenskapar
-
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
Evne til å arbeida sjølvstendig, fleksibelt og til å ta ansvar i ein hektisk arbeidskvardag
-
Initiativrik, engasjert, reflektert og løysningsorientert
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariff og avtalar
- Deltaking i eit sterkt fagleg arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne kollegaer
- Tverrfagleg arbeidsmiljø
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Erlend Hellingsrud , Fact leiar / klinisk sosionom, erlend.hellingsrud@helse-fonna.no
Hege Lægreid Røssland, Avdelingsleiar, 53 46 64 12, hege.laegreid.rossland@helse-fonn.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 15
5451 Valen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4469466216
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.06.2022
Søknadsfrist: 07.02.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Folgefonn DPS, Helse Fonna HF
Adresse
Sjukehusvegen 16, 5451 Valen
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. juni 2022
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 7. februar 2022
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4469466216_Folgefonn DPS, Helse Fonna HF_webcruiter
Stillingsnummer: 35eda137-1847-45d1-8ab7-5a25b90b7287