Vil du jobbe med rekneskap i staten?
Jobbnorge ID: 190772
Om stillinga
Til mellombels deltidsstilling søkjer vi etter ein ambisiøs og fleksibel person som har lyst til å utvikle rekneskapsforståinga si i eit sterkt fagmiljø. Du vil vere ein del av ei avdeling som leverer rekneskapstenester til statlege verksemder i form av bilagsføring, avstemming, rapportering og rådgiving. Kandidaten må rekne med at det kan bli aktuelt å delta i oppgåver i andre avdelingar i rekneskapsdivisjonen ved behov. Vi ser for oss ein stillingsprosent på 40-50 med eitt års varigheit og moglegheit for forlenging.
Stillinga er plassert i avdeling for rekneskap og rapportering.
Kven er du?
Vi søkjer deg som liker faglege utfordringar og har ei positiv serviceinnstilling. Du er ansvarsbevisst, strukturert, analytisk og har svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Du liker å tileigne deg kunnskap innanfor økonomi og IT og ser utviklingspotensialet i begge områda, kvar for seg og i fellesskap. Vi ser gjerne at studentar søkjer denne stillinga.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter kandidatar som har eller er under utdanning innanfor økonomiske eller teknologiske fag. Kandidatar med noko erfaring frå rekneskapsarbeid, gjerne statleg, vil bli prioriterte. Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk er ein føresetnad. Vi nyttar Unit 4 ERP som rekneskapssystem, og det er ein fordel om du har kjennskap til dette.
Vi tilbyr
- høve til å bryne seg på utviklande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- fleksibel arbeidstid
- medlemskap i Statens pensjonskasse
Meir informasjon om stillinga
For spørsmål om stillinga kan du kontakte seksjonssjef Frode Dalsvåg på tlf. 932 42 839 eller avdelingsdirektør i DFØ Tom Bjørshol på tlf. 980 97 000.
Stillinga vil bli plassert som førstekonsulent med lønnsplassering mellom 402 600 og 420 700 kroner per år, avhengig av kompetanse og erfaring. Frå lønna blir det trekt 2 prosent til Statens pensjonskasse. Ved tilsetjing er det seks månaders prøvetid. Den som blir tilbydd stillinga, må leggje fram ein utvida politiattest.
Andre opplysningar
Alle som søkar stillinga må søka elektronisk via rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må lasta opp vitnemål (karakterutskrift om du er under utdanning), eventuell NOKUT-godkjenning for utdanning frå utlandet og dessutan attestar for at søknaden din skal vurderast. Vi gjer oppmerksam på at søknaden berre blir vurdert ut frå informasjonen som finst ved utløpet av søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kriteria som er beskrivne over.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkarliste. Søkarar som ber om konfidensialitet, må grunngi dette spesielt i søknaden. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar kan bli offentleggjort sjølv etter ønske om å bli utelate frå søkarlista. Søkarar vil i så fall bli kontakta.
Mangfald i DFØ
I DFØ trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring, fagkombinasjoner og perspektiv vil gjera oss i stand til å finna endå fleire gode løysingar på oppdraga våre. Vi oppmodar derfor alle til å søka jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er òg velkommen til å søka sjølv om du ikkje kan visa til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre er universelt utforma, og vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
I Jobbnorge, der du søker på denne stillinga, oppmodar vi deg til å kryssa av for det dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningene dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapporter.
Vi vil òg kalla inn minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandlet på denne måten, må søkaraneoppfylla visse krav
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Om DFØ
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) er statens fagorgan for styring, organisering og leiing i staten. DFØ skal bidra til effektiv ressursbruk i staten gjennom kompetansetiltak, rådgiving, fellestenester og utvikling av metodar og verktøy. DFØ leverer også lønns- og rekneskapstenester til rundt 90 prosent av statsforvaltinga, og har ansvaret for statsrekneskapen og statens konsernkontoordning. I 2020 blir DFØ utvida med fagområdet offentlege anskaffingar. Det er i dag om lag 530 tilsette i DFØ, fordelt på tre kontorstader: Oslo, Stavanger og Trondheim. DFØ vil i løpet året veksa til ca. 650 tilsette. Les meir på www.dfo.no.
Om rekneskapsdivisjonen
Rekneskapsdivisjonen i DFØ ligg i Trondheim og leverer rekneskapstenester med tilhøyrande systemleveransar til statlege verksemder. I rekneskapsdivisjonen jobbar det rundt 150 medarbeidarar. Vi er i vekst som følgje av auke i oppdragsmengda og har fleire ledige stillingar. DFØ jobbar med løpande utvikling av rekneskap i staten, ved automatisering, digitalisering, robotteknologi og tiltak for enklare innføring av periodisert rekneskap etter dei statlege rekneskapsstandardane SRS. Vi har behov for deg som har interesse for å utvikle rekneskaps- og økonomitenester i staten.