Kommunalsjef Barn og unge
Jobbnorge ID: 170237
Om stillinga
Me søker ein nyskapande og samarbeidsorientert leiar som vil vere sentral i den vidare utviklinga av tenesteområde barn og unge samt Klepp kommune som samfunnsaktør. Strategiske evner vil difor vere viktig, men det må kombinerast med gjennomføringsevne og handlekraft.
Kommunalsjef for barn og unge vil få ansvar for eit av dei største tenesteområda i Klepp kommune. Tenesteområde har rundt 650 ansatte. Kommunalsjefen vil ha det strategisk overordna ansvaret for utviklinga av dei tre verksemdsområda barnehage, skule og oppvekst i nært samarbeid med sektorens tre verksemdsleiarar.
Me ønsker
Klepp kommune er i utvikling og det er særleg fokus på samhandling på tvers av fag og organisasjon. Kommunalsjefen må som leiar bidra i arbeidet med å bygge ein felles kultur for Klepp, og vil få ansvar for vidare utvikling av tenesteområdet. Kommunalsjefen vil og få ansvaret med å sørge for god og effektiv drift av det samla tenesteområdet innanfor kommunale planer, budsjett og gjeldene lov- og regelverk. Kommunalsjefen inngår i rådmannens leiargruppe og rapporterer til rådmannen. Vår nye kommunalsjef må vera ein engasjert lagspelar som er
opptatt av utvikling og resultat. I tillegg må kommunalsjefen vera tillitsskapande, ein sterk relasjonsbyggar og ha gode kommunikasjonsevner. Me søker ein trygg og tydeleg leiar som evner å engasjere. Du er målretta, utviklingsorientert og du kan vise til erfaring i å leie endringsprosessar. Du har relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Du kan vise til relevant leiarerfaring og du har god forståing for ansvarsområdet. Kjennskap til samspelet mellom politikk og administrasjon er ein føresetnad.
Me tilbyr
Me tilbyr ei utfordrande og spanande leiarstilling i ein organisasjon med høg kompetanse og med gode moglegheiter til å påverke utviklinga både i kommunen og i organisasjonen.
Generell info
Spørsmål om stillinga kan rettast til Mercuri Urval v/Silje Bolset, tlf 975 59 049 eller Tone B F Berthelsen, tlf 975 59 040. Du kan og kontakte rådmann Torild Lende Fjermestad, tlf 957 60 797. Søk på stillinga snarast, og seinast innan 04.06.2019 . All uformell kontakt med Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgivar.
Det vil bli utarbeida offentleg søkarliste. Det vert vist til offentleglova§ 25, andre ledd med omsyn til å bli unnateke off.søkjarliste.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgaste staden i Klepp og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19 300 innbyggjarar.
Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.
Les mer på: www.klepp.kommune.no