Overlege Allmenn døgnbehandling - Kronstad distriktspsykiatriske senter
Vil du vere med å vidareutvikle ein travel og spanande akuttseksjon saman med andre spesialistar? Vi skal styrkje overlegedekninga ved vår allmennpsykiatriske døgnseksjon, - og vi håper derfor du vil nytte denne sjansen til å søkje på stillinga.
Allmennpsykiatrisk døgnseksjon ved Kronstad DPS gir tilbod om korttidsopphald, og som har ei sentral rolle innan akuttbehandlinga i divisjon Psykisk helsevern i Helse Bergen. Seksjonen har 20 døgnplassar og gir tilbod om målretta opphald, både akutt og elektivt. Seksjonen tar imot pasientar frå kommunehelsetenesta, eige DPS og frå Psykiatrisk klinikk. Miljøpersonalet er skolerte innan miljøterapi, - og her er eit godt og stabilt arbeidsmiljø. Seksjonen er for tida bemanna med to overlegar, to psykologspesialistar, LIS og turnuskandidat. Vi ønskjer å utvide til 3 overlegar.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, fastsetjing av diagnose og behandling av tilviste pasientar. Undervising og rettleiing av utdanningskandidatar og personale i kommunehelsetenesta. Medisinsk og spesialistfagleg ansvar i døgnseksjon.
Kvalifikasjonar
- Spesialist i psykiatri. Norsk autorisasjon
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Profesjonsstudium
Personlege Eigenskapar
- Du må vere arbeidsam, ha gode samarbeidsevner og kunne bidra til godt arbeidsmiljø. Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team. Engasjert og fleksibel med interesse for tverrfagleg tilnærming i pasientbehandlinga. Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga.
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø og gode kollegaer. Høgt fagleg nivå mellom dei tilsette. Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver. Anledning til å delta i vidareutvikling av Kronstad DPS.
Kontaktinformasjon
Lars Onsrud, Klinikkoverlege, 55956000
Marit Bjørheim, Overlege, fagleg ansvarleg, 55956000
Thomas Dale, Seksjonsleiar, 55956000
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4019382183
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 24.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4019382183&company_id=53020010204&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.