Guide Valborgsamlinga og St Jetmund
Org. nr: - Stillingsident: 4200914175 Presentasjon av stillingen:
Arbeidet er lagt til opningsperioden: 25.06.2020 - 02.08.2020 (6 veker) og opningstida: Torsdag, fredag, laurdag og søndag kl. 12.00-17.00. Det blir gjeve opplæring om historia rundt St Jetmund og Valborgsamlinga.
Valborgsamlinga er eit sjarmerande lite museum med ei samling av bruksting, tekstilar, klede og gardsreiskap i hovudsak frå tida 1800-1900. St Jetmund kyrkje på Åheim er ein langkyrkje i stein opphaveleg bygd i 1155. Ifølge sagne skal St. Edmund ha stått eit tykke oppe i fjellsida (ved <>) og peikt ut staden for kyrkja.
Vanylven er rik på kulturhistorie, og kulturarven er viktig for å bygge identitet, fellesskap og skape attraktivitet for innbyggarar og tilreisande. Vi Ynskjer tilsette med god samarbeidsevne som kan vere med å utvikle, formidle og ta vare på kulturarven som kjelde til opplevingar, kunnskap og bruk.
Krav og ynskje til stillinga
- Holde Valborgsamlinga og St Jetmund kyrkje ope
- Selje billettar
- Omvising i Valborgsamlinga og St Jetmund kyrkje
- Noko sal av kaffi/kaker/vaflar etc.
- Marknadsføring på sosiale media
- Vask og vedlikehald inne og uteområde
Personlege eigenskapar
- Er god på samarbeid
- Er fleksibel, omgjengeleg og serviceinnstilt
- Er sjølvstendig, målretta og strukturert
- Beherskar engelsk munnleg
- Er interessert i historie
Vi tilbyr
- Eit positivt arbeidsmiljø med flotte kollegaer
- Arbeid i et historisk miljø
Nærare informasjon om stillinga får du med kulturrådgjevar Helle Frogner tlf: 92487111
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. God pensjonsordning. Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema som du finn på heimesida. CV skal fyllast inn i søknaden. Gjer vel å oppgje referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Frode Vik, kommunalsjef, 700 30 005
Arbeidsstad
Rådhuset
6143 Fiskåbygd
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Vanylven kommune
Referansenr.:4200914175
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 20.03.2020
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 150 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Treng du fleire grunnar til å søkje deg til oss? Alle tilsette i høgskulegruppa som flyttar til/bur i Vanylven kommune får nedbetalt studielån med 15% kvart år dei er i arbeid, maks kr. 28.000,- pr år (etter nærare retningsliner). I tillegg får nytilsette på fag- og høgskulestigen med under 4 års ansiennitet, starte med løn som etter 4 års ansiennitet.