Matvert Spisestua. 15% fast helgestilling
Org. nr: - Stillingsident: 4119379778 Presentasjon av stillingen:
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.
Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal kome i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov.
Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Spisestuene er open frå kl. 07.00 - 22.00 alle dagar. Her ønskjer vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader.
Sjukdomsrelatert underernæring er vanleg hos pasientar som blir innlagd på sjukehus. Dette fører til unødig høg førekomst av komplikasjonar, og kan vere med på å forlenge sjukehusopphaldet.
Den fremste oppgåva for våre matvertar, er å påverke pasientane til å ete og ta til seg næring. Vi ønskjer å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding.
Per i dag er det ni spisestuer, mellom anna ein på Nordås, ein i Parkbygget, samt fleire spisestuer i Sentralblokka.
Vi har no ledig fleire faste 15% helgestillingar som MATVERT med arbeid pt. kvar 3 helg, laurdag og sundag.
Vi søkjer etter fleksible, sjølvstendige og ansvarsbevisste personar som er villig til å tileigne seg ny kunnskap. Matvert må pårekne å arbeide i alle våre spisestuer. Aktuelle kandidatar vil vil bli kontakta fortløpane.
Arbeidsoppgåver
- Bidra med matomsorg til pasientar
- Bestilling, tillaging og servering av måltid
- Reinhald, oppvask og rydding
Kvalifikasjonar
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
- Erfaring frå kjøkken/kantine
- Kjennskap til IK-mat
- Gode IT-kunnskaper
Utdanningsretning
- Hotell- og restaurantfag
- Kjøkken-/kantinefag
- Ernæring
Utdanningsnivå
- Vidaregåande skule
Personlege eigenskapar
- Fagleg interesse og engasjement
- Serviceinnstilt og imøtekommande
- Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Strukturert og nøyaktig
- Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN"
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Kontaktinformasjon
Åge Nilsen, Leiar/fagleiar, 55974536
Arve Haga, Seksjonsleiar, 55977474
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4119379778
Stillingsprosent: 15%
Søknadsfrist: 03.09.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.