Rådgivar - jurist /Trainee
Jobbnorge ID: 171911
Om stillingen
Vi har ledig 2-årig mellombels stilling for jurist. Stillinga inngår i traineeprogrammet i staten og er reservert personar med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning.
Vi kan tilby eit høgt fagleg juridisk miljø der oppgåvene blir løyst saman med trivelege kollegaer. Som trainee skal du få jobbe med juridisk saksbehandling innan fleire av fylkesmannen sine fagområde. Arbeidet er i stor grad sjølvstendig, og gir høve til fordjuping og kjennskap til eit vidt område innanfor jussen.
Vi søker etter deg som har
- master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen
- god skriftleg framstillingsevne
- liker å jobbe sjølvstendig
Vi tilbyr:
- grundig opplæring
- kvalifiserande juridisk arbeid
- godt juridisk- og tverrfagleg miljø
- lønn i staten sitt lønnsregulativ som 1434 rådgivar fastsett etter erfaring og kvalifikasjonar
- fleksibel arbeidstid og medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonskassa.
- tilsetjing etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første 6 månadane er prøvetid.
- deltaking i kompetanseprogram for medarbeidarutvikling gjennom statens traineeprogram
Nærare opplysningar:
Administrasjonssjef Hilde M. Aure, epost: hilde.aure@fylkesmannen.no, tlf. 71 25 84 31/ 916 85 560
Seniorrådgiver Kristin N. Hasselø, epost: kristin.hasselo@fylkesmannen.no, tlf. 71 25 84 48/400 16 570
Den som vert tilsett må meistre norsk skriftspråk og vi brukar som hovudregel nynorsk.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald og vi oppmodar difor alle kvalifiserte til å søke jobb hos oss. Arbeidsforholda vil bli lagt til rette for medarbeidarar med redusert funksjonsevne.
Meir informasjon om Fylkesmannen i Møre og Romsdal sine oppgåver og organisering finn du på www.fylkesmannen.no/mr
Søknadsfrist: 15. august 2019
Du må søke elektronisk gjennom rekrutteringsportalen til JobbNorge. Link til denne ligg på heimesida vår og på NAV sine sider. Vi ber om at attestar og vitnemål følgjer søknaden i PDF format. Stillinga ha stillingsnr 1913
Om du ønskjer å reservere deg frå å bli oppført på den offentlege søkarlista, må du grunngje dette (jamfør offentleglova § 25, 2. punktum). Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på den offentlege søkarlista. Du vil bli varsla om offentleglova ikkje gir rom for å imøtekome ønsket ditt om reservasjon.
Opplysningar om nedsett funksjonsevne og hol i CV kan bli brukt til statistikkformål i samband med regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Fylkesmannen er den fremste representanten for staten i fylket, og skal arbeide for å følgje opp Stortinget og Regjeringa sine mål og retningsliner. Fylkesmannen er administrativt underlagd Kommunal- og moderniseringsdepartementet og utfører oppgåver for ei rekkje departement og direktorat. Arbeidsoppgåvene dekkjer eit vidt arbeidsfelt og omfattar mellom anna tilsyn med kommunane sin økonomi og forvaltning, sosialfaglege og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap og oppgåver innan sektorane helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Fylkesmannen skal òg samordne anna statleg forvaltning i fylka og ta del i samarbeid og samhandling mellom stat, fylkeskommunar og kommunar