Lærar - 80 - 100 % vikariat
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Kort om stillinga
Det vil vere ledig inntil 2 vikariat som faglærar på ulike trinn, 1.-7. og /eller 8. - 10. klasse. Jobben vil både innebera å samarbeida tett i klasse-team med fokus på eit inkluderande læringsmiljø med felles ansvar for gjennomføring av ordinær undervisning i klassen, tidleg innsats og spesialundervinsning.
Om Rossland skule
Skulen ligg på Rossland, nordre del av Holsnøy i Alver kommune, ca. 20 min frå Knarvik og 30 min frå Åsane. Vi har 235 flotte elevar, fordelt på 13 klassar og 10 trinn. Personalet består av 45 flinke tilsette i ulike stillingar. Satsingsområda hos oss, og i kommunen dei komande 3-5 åra, er lesing, LK20 og organisasjonsutvikling. Vi er ein MOT-skule, Trivsels Leiar-skule og med i pulje 4 i Inkluderande Barnehage og Skulemiljø (IBS).
Arbeidsoppgåver
- Undervisning 1.-7.trinn og / eller 8. - 10. trinn
- kan bli aktuelt med kontaktlærar oppgåver / funksjon
Kompetanse
- Utdanning som dekker krava for å undervise frå 1.-7.trinn eller 8 - 10 trinn.
Personlege eigenskapar
-Gode samarbeidsevner og ønskje om å jobbe i team.
-Vere ein trygg og tydeleg vaksen for elevane og ein god samarbeidspartnar for dine kollega.
-Evne til å byggje gode relasjonar.'
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariffavtale
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Anita Skibenes, Tlf: +47 56174410, Mobil +47 95751327, Epost: anita.skibenes@alver.kommune.no
Om bedriften
Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.
For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.