Undervisningsstillingar i grunnskulen fast og vikariat
Omtale av stillinga
For skuleåret 2019/2020 kan det bli ledige lærarstillingar i Kvinnherad kommune, både faste og vikariat. Vi vil ha behov for lærarar som kan dekka alle fag i grunnskulen, både i barne- og ungdomstrinnet. Viktig at du spesifiserer kva fag og studiepoeng du har under feltet "utdanning".
Prioriter i søknaden om du har spesielle ynskjer til kva skule du ynskjer å arbeida ved.
Arbeidsoppgåver
Undervisa i ulike fag/klassar
Kan vera aktuelt å arbeida som kontaktlærar.
Aktiv deltaking i skulen og kommunen sine prioriterte satsingar og fokusområde.
Samarbeid med kollegaer og leiinga på skulen om forståing og iverksetjing av nye læreplanar
Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar/hjelpetenester til skulen
Samarbeid og samhandling med kollegaer og leiinga om utvikling av eit trygt og godt skule- og læringsmiljø.
Kvalifikasjonar
Godkjend og relevant pedagogisk utdanning for undervising i grunnskulen.
Personlege eigenskaper
Er ein tydeleg klasseleiar, arbeider systematisk, strukturert og sjølvstendig.
Er lærevillig og utviklingsorientert.
Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge.
Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing.
Er positiv, lojal og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Generell god helse.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.200 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.